Hopp til innhald

Verdscupen i skihopping 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 2010 omfatta 23 individuelle tevlingar og 4 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 27. november 2009 og vart avslutta i Holmenkollbakken i Oslo 14. mars 2010. Dei 23 individuelle tevlingane fordelte seg på 20 i storbakkar og 3 i skiflygingbakkar.

Simon Ammann frå Sveits sikra seg den store FIS-premien, framom fjorårsvinnaren, austerrikaren Gregor Schlierenzauer. Ammann sigra i 9 renn og Schlierenzauer i 8 renn.

Austerrikes hopplandslag var suverent best, sanka meir enn dobbelt så mange poeng som andreplasserte Noreg.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Simon Ammann  Sveits 1649 9
2 Gregor Schlierenzauer  Austerrike 1368 8
3 Thomas Morgenstern  Austerrike 944 2
4 Andreas Kofler  Austerrike 893 1
5 Adam Małysz  Polen 842
6 Wolfgang Loitzl  Austerrike 760
7 Anders Jacobsen  Noreg 557 1
8 Martin Koch  Austerrike 545
9 Bjørn Einar Romøren  Noreg 517 1
10 Robert Kranjec  Slovenia 503 1
11 Janne Ahonen  Finland 494
12 Michael Uhrmann  Tyskland 424
13 David Zauner  Austerrike 403
14 Harri Olli  Finland 367
15 Emmanuel Chedal  Frankrike 365
16 Daiki Itō  Japan 359
17 Noriaki Kasai  Japan 344
18 Johan Remen Evensen  Noreg 337
19 Pascal Bodmer  Tyskland 336
20 Michael Neumayer  Tyskland 285
21 Andreas Wank  Tyskland 259
22 Jakub Janda  Tsjekkia 256
23 Antonín Hájek  Tsjekkia 230
24 Kamil Stoch  Polen 203
25 Stefan Thurnbichler  Austerrike 201
26 Tom Hilde  Noreg 180