Verdscupen i skihopping 1986
Utsjånad
Verdscupen i skihopping 1986 omfatta 25 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 7. desember 1985 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica i Jugoslavia den 23. mars 1986. Dei 25 tevlingane fordelte seg på 9 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, skiflygingstevlingane fann stad i Vikersundbakken. Verdsmeisterskapen i skiflyging talde ikkje med i verdscupen.
Finske Matti Nykänen vann FIS-premien for andre året i rad og for tredje gong. I tevlinga for landslag sigra Austerrike, like framom Finland og med Noreg på tredjeplass.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Matti Nykänen | Finland | 250 | 7 |
2 | Ernst Vettori | Austerrike | 232 | 5 |
3 | Andreas Felder | Austerrike | 170 | 3 |
4 | Franz Neuländtner | Austerrike | 157 | 1 |
5 | Pekka Suorsa | Finland | 148 | 2 |
6 | Primož Ulaga | Jugoslavia | 145 | 2 |
7 | Vegard Opaas | Noreg | 131 | 1 |
8 | Rolf Åge Berg | Noreg | 129 | 1 |
9 | Jiří Parma | Tsjekkoslovakia | 114 | |
10 | Ladislav Dluhoš | Tsjekkoslovakia | 101 | |
11 | Miran Tepeš | Jugoslavia | 99 | |
12 | Horst Bulau | Canada | 97 | |
13 | Pavel Ploc | Tsjekkoslovakia | 88 | 1 |
14 | Jari Puikkonen | Finland | 86 | 1 |
15 | Piotr Fijas | Polen | 84 | 1 |
16 | Jens Weißflog | Aust-Tyskland | 77 | |
17 | Ulf Findeisen | Aust-Tyskland | 73 | 1 |
18 | Hroar Stjernen | Noreg | 68 | |
19 | Ole Gunnar Fidjestøl | Noreg | 53 | |
20 | Steve Collins | Canada | 34 | |
21 | Jukka Kalso | Finland | 34 | |
22 | Peter Rohwein | Vest-Tyskland | 30 | |
23 | Masahiro Akimoto | Japan | 28 | |
24 | Martin Švagerko | Tsjekkoslovakia | 27 | |
25 | Antonio Lacedelli | Italia | 26 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skisprung-Weltcup 1985/86» frå Wikipedia på tysk, den 25. februar 2021.