Valen i Bindal
Utsjånad
Valen er ein fjordarm av Kjelda på sørsida av øya Austra i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4 km mot sørvestover inn til Bogen i botn av fjorden. Ved Bogen går Valastraumen vidare sørover til Årsetfjorden i Leka kommune i Nord-Trøndelag.
Fjorden har innløp mellom Skjelveneset i nord og Hålopneset i sør.
Riksveg 771 går langs nordsida av fjorden.