Hopp til innhald

Vahana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei ni devaene på vahanaene sine: Surya på ei vogn trekt av hestar, Tsjandra på ein pidestall, Jama på ein bøffel, VarunaHamsa (ei svane), Indra på elefanten Airavata, Kubera til hest, Agni på ein bukk, Rahu i skyer og Ketu på ei løve.

Vahana (frå sanskrit vah, 'å bera') er i hinduismen eit dyr som er knytte til ein særskild guddom. Guden bruker vahanaen til å ri på, men det viktigaste ved dyret er at det symboliserer ein vektlagt gudeeigenskap, til dømes elefant for rikdom, eller tiger for villskap. Svært ofte blir desse dyra framstilte i tempel til og avbildingar av gudane.

Mange gudar har meir enn éin vahana, som gjerne står for ulike sider ved guden.

Gud Dyr Dyrenamn Bilete Merknader
Sjiva okse Nandi Nandi, vahanaen til Sjiva Nandi-par Kvit okse, avbilda i nesten alle Sjiva-tempel
Durga løve eller tiger Manasjtala Durga med løve Durga med tiger
Ganesja mus Musjika Ganesja på Musjika Ganesja med Musjika
Visjnu slange Ananta-sjesja Visjnu på slangen Anantasjesja. Visjnu på Anantasjesja I framstillingar der Visjnu søv medan universet blir skapt.
Visjnu fugl Garuda Garuda Burmesisk bilde av Visjnu på Garuda
Sarasvati påfugl nei Sarasvati på påfugl Kan også ri på ei svane, slik som maken Brahma
Laksjmi elefantar nei Laksjmi på kvit elefant. Gadsjalaksjmi Ofte to eller fire
Laksjmi ugle Uluka Kvit ugle
Agni sauebukk nei Bukken til Agni Agni-statue
Ajjappan tiger nei
Bhairava hund nei Bhairava med Brahma
Brahma svane/hamsa nei Brahma på hamsa
Ganga makara nei Ganga på makara Ganga med makara
Indra elefant Airavati Airavata, elefanten til Indra Indra på Airavata Kvit elefant
Indra hest Uttsjaissjravas
Jama vassbøffel nei Jama på ein svart vassbøffel. Svart
Jamuna skjelpadde nei
Kama makara, papegøye nei Kama på papegøye
Ketu ørn nei
Kubera hest, mungo nei Kubera til hest
Murugan/Kartikeya påfugl Parvani Murugan på påfugl
Murugan elefant nei
Sjani ramn, kråke, gribb, okse[1] nei Sjani Sjani på okse
Sjasjti katt[2] nei
Sjukra krokodille nei
Surya hest nei Hestane til Surya Surya med mangehovuda hest Vogn som blir trekt, anten av sju hestar eller éin hest med sju hovud
Tsjandra antiloper, hestar, sauebukkar nei Tsjandra i vogn trekt av antilope Vogn som blir trekt
Usjas ku nei Vogn som blir trekt av sju kyr
Varuna krokodille, makara (eit sjøfabeldyr), skjelpadde, svane nei Varuna på makara. Varuna på makara.
Vaju antilope nei Vaju
  1. Engelsk Wikipedia oppgjev referansen Holy Vehicles: Shani. Accessed August 10, 2007.
  2. Engelsk Wikipedia oppgjev referansen Margaret Stutley's The Illustrated Dictionary of Hindu Iconography , p. 127