Hopp til innhald

Vågå kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vågå)
Vågå kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Vågåmo
Areal 1 330 km²
 •  land 1 258 km²
 •  vatn 72 km²
Folketal 3 531  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Harald Sve Bjørndal (Bygdalista)
Kommunenr. 3435
Kart
Vågå kommune
61°52′30″N 9°05′45″E / 61.875°N 9.0958333333333°E / 61.875; 9.0958333333333
Kart som viser Vågå kommune.
Kart som viser Vågå kommune.
Kart som viser Vågå kommune.
Wikimedia Commons: Vågå
Nettstad: www.vaga.kommune.no

Vågå kommune er ein kommune i Ottadalen i Oppland i Innlandet fylke. Han grensar til Lesja i nord, Dovre og Sel i aust, Nord-Fron i søraust, Vang i sør og til Lom i vest.

Kommunen ligg omkring det nedre dalføret av Ottaelva, mellom kommunane Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen som ikkje er busett til Vågå. Dei fleste innbyggjarane bur i Vågåmo, Lalm og Tessand. Av andre bygder i kommunen kan nemnast Nordherad, Skogbygda og Skårvangen.

Vågåmo sett frå vest

Vågå omfattar store delar av Jotunheimen, med mellom anna Besseggen, Gjendevatnet og Knutsholstindane som ligg innanfor kommunegrensene. Meir enn tre firedelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 900 moh. På nordsida av Otta går fjella opp i 1500–1600 moh. på grensa mot Dovre og Lesja, og i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 moh. Høgst av dei er Store Knutsholstinden (2341 moh.) og Tjørnholstind (2331 moh.) på sørsida av Gjende, nær grensa mot Vang. Den austlege delen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i den sørlege delen av kommunen.

Samferdsel

[endre | endre wikiteksten]
Jotunheimen

Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tar fylkesveg 51 av ved Tessand sørover til Fagernes gjennom Sjodalen og over Valdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går mellom anna veg opp til Televerkets sendar på Blåhø (1617 moh.) nordaust for Vågåmo og frå Randsverk opp Veodalen til Glitterheim turisthytte.

Verdt å vitja

[endre | endre wikiteksten]

Kjende vagværar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vågå kommune