Nord-Fron kommune
Nord-Fron kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Vinstra | ||
Areal | 1 141 km² | ||
• land | 1 099 km² | ||
• vatn | 42 km² | ||
Folketal | 5 586 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Anne-Marie Olstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 3436 | ||
Nord-Fron kommune 61°35′44″N 9°44′53″E / 61.595555555556°N 9.7480555555556°E | |||
Kart som viser Nord-Fron kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nord-Fron | |||
Nettstad: [http://www.nord-fron.kommune.no www.nord-fron.kommune.no |
Nord-Fron er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Sel, i aust og sør til Sør-Fron, i sør til Gausdal og Øystre Slidre og i sørvest til Vågå. Ein person frå Fron vert kalla frøning.
Tettstaden Vinstra som ligg i kommunen fungerer som regionalt utdannings og handelssenter. På Vinstra blir det også arrangert ymse festivalar, med Peer Gynt-stemnet som det største arrangementet.
Litt lenger nord i kommunen finn vi tettstaden Kvam.
Kultur og idrett
[endre | endre wikiteksten]Gudbrandsdal krigsminnesamling ligg i Kvam.
I den vesle fjellbygda Skåbu har dei eit lokalt idrettslag med namn STEIL . STEIL er ei forkorting for Skåbu Tverrbygda Espedalen Idrettslag. Dei driver blant anna med langrenn og hundekøyring. I mars 2007 arrangerte Nord-Fron og STEIL i samarbeid med Asker Trekkhundklubb EM og NM i hundekøyring.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Vinstra vidaregåande skule ligg på Vinstra.
Folk frå Nord-Fron
[endre | endre wikiteksten]- Per Gynt, sogeomspunnen reinjeger frå Sødorp på 1700-talet
- Hallvard Lie (1905-1995), litteraturhistorikar, professor ved UiO (Vinstra)
- Helge Stormorken (1922-2019), lege og medisinsk forskar, professor ved UiO (Kvam)
- Ola O. Røssum (1926-2012), stortingsrepresentant for Sp 1969-1981 (Kvam)
- Ingar Sletten Kolloen (f. 1951), redaktør og forfattar (Kvam)
- Grete Berget (1954-2017), Ap-politikar, statsråd 1991-1996 (Vinstra)
- Eldar Nilsen (f. 1957), dirigent (Vinstra)
- Geir Helgemo (f. 1970), profesjonell bridgespelar (Vinstra)
- Kjersti Stenseng (f. 1974), partisekretær i Arbeiderpartiet (Kvam)
- Kristian Brenden (f. 1976), skihoppar (Vinstra)
- Eirik Rykhus (f., 1981), telemarkskjørar (Vinstra)
- Sigrid Rykhus (f. 1984), telemarkskjørar (Vinstra)
- Kjetil Jansrud (f. 1985), alpinist (Vinstra)
Bilete frå Nord-Fron
[endre | endre wikiteksten]-
Kvam kyrkjeFoto: Marcin Szala
-
Peer Gynt vert mykje nytta i markedsføringa av Fron, her i statueform ved Vinstra stasjon.
-
Nedregata gjennom Vinstra sentrum