Václav Havel
Utsjånad
Václav Havel (5. oktober 1936–18. desember 2011) var ein tsjekkisk forfattar, dramatikar og politisk aktivist. Han var den siste presidenten i Tsjekkoslovakia og den første presidenten i Tsjekkia. Havel var ein av dei som bygde opp til borgarrettsgruppa Charta 77. Han vart fengsla saman med fem andre den 25. mai 1979 og sat i fengsel til 1983. Ved fløyelsrevolusjonen i 1989 var han ein av leiarane.
Havel vart fødd i Praha. Den 4. januar 1997 vart han gift med Dagmar Veskrnová, ein tsjekkisk skodespelar. Han døydde på landstsaden sin i Hrádeček nord i Tsjekkia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Vaclac Havel er død» i aftenposten.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Václav Havel i nettstaden til den tsjekkiske presidenten.
Denne historieartikkelen som har med Tsjekkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.