Urfolk i Canada
Urfolk i Canada omfattar First Nations,[1] inuittar[2] og métisar.[3] Sjølv om omgrepet Indian framleis er utbreidd i lovverket, har ord som Indian (indianar) og Eskimo gått ut av bruk i Canada, og blir vanlegvis rekna som nedsetjande.[4][5][6] Aboriginal peoples som samlenemning blir også brukt i nokre rettslege dokument, mellom anna Constitution Act, 1982, men blant urfolk misliker ein gjerne også omgrepet Aboriginal.[7]
Ved folketeljinga i 2021 omfatta urfolka i Canada totalt 1 807 250 folk, eller 5,0 % av den totale folkesetnaden i landet. 1 048 405 var First Nations-folk, 624,220 métisar og 70 540 var inuittar. 7,7 % av folkesetnden under 14 år er av urfolksavstamming.[8] Det finst over 600 statleg anerkjend sjølvstyrande First Nations-grupper (governments ellerr bands) med særeigne kulturar, språk, kunst og musikk.[9][10] National Indigenous Peoples Day blir markert 21. juni for å anerkjenna urfolka sine kulturar og bidraga deira til kanadisk historie.[11]
Urfolksgrupper
[endre | endre wikiteksten]First Nations
[endre | endre wikiteksten]First Nations-folk hadde slått seg ned i dagens Canada og utvikla handelsnettverk i 500 f.Kr.–1000 e.Kr. Dei utvikla ulike samfunn med sine eigne kulturar, skikkar og særmerke.[12] I nordvest fanst athabaskisktalande folk, slavey, dogrib, tutchone og tlingit. Langs stillehavskysten budde tsimshian, haida, salish, kwakiutl, heiltsuk, nootka, nisga'a, senakw og gitxsan. På sletteområda fanst niisitapi, káínawa, tsuutʼina og piikáni. I dei nordlege skogane fanst nēhiyawak og chipewyan. Rundt Great Lakes levde anishinaabe, algonkinarar, haudenosaunee og wendat. Langs atlanterhavskysten fanst beothuk, wəlastəkwewiyik, innu, abenakiar og mi'kmaq.
Inuittar
[endre | endre wikiteksten]Inuittar stammar frå det antropologar kallar Thulekulturen, som sprang ut frå Vest-Alaska kring år 1000 og spreidde seg austover gjennom Arktis, der han erstatta Dorsetkulturen (kalla tuniit på inuktitut). Historisk kalla inuittar desse folka for «kjemper», som var større og sterkare enn dei.[13] Forskarar har spekulert i om Dorsetkulturen mangla hundar, større våpen og annan teknologi som inuittane hadde.[14] I 1300 hadde inuittar slått seg ned på Vest-Grønland, og spreidde seg til Aust- Grønland gjennom det neste hundreåret. Inuittar hadde handelssamband med sørlegare kulturar. Grensekonfliktar var vnlege, og førte til aggressive handlingar.[15]
Nokre kjende inuittar eer Abraham Ulrikab og familien hans som blei sett på utstilling i ein dyrehage i Hamburg, og Tanya Tagaq, ein moderne musikar som nyttar tradisjonell strupesong.[16] Abe Okpik var viktig i å hjelpia inuittar til å få sleksnamn i staden for å måtta nytta skivetal, og Kiviaq (David Ward) vann retten til å bruka eitt enkelt inuktituknamn.[17][18]
Métisar
[endre | endre wikiteksten]Métisar er ei folkegruppe som stammar frå ekteskap mellom europearar (hovudsakleg franskmenn)[19] og cree-, ojibway-, algonquinar-, saulteaux-, menominee-, mi'kmaq- og maliseetfolk og andre First Nations-grupper.[20] Historia deira går tilbake til midten av 1600-talet.[1] Europearar som fyrst kom til Canada var dei avhengige av urfolk for å driva pelshandel og å overleva. For å sikra alliansar blei tilhøve mellom europeiske pelshandlarar og innfødde kvinner ofte konsoliderte gjennom ekteskap.[21] Métis-heimland omfattar dei kanadiske provinsane British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Manitoba og Ontario, i tillegg til Northwest Territories (NWT).[22]
Nokre kjende métisfolk er songaren og skodespelaren Tom Jackson,[23] Northwest Territories-leiaren Tony Whitford og Louis Riel, som leia to motstandsrørsler: Red River Rebellion i 1869–1870 og North-West Rebellion i 1885, som enda med at han blei stilt for retten, dømt til døden og avretta.[24][25][26]
Særeigne métisspråk er anten métisfransk eller eit blanda språk kalla michif. Michif, mechif eller métchif er fonetiske stavemåtar for métif, ein variant av «métis».[27] I dag snakkar dei fleste métisar engelsk, med fransk som eit sterkt andrespråk, i tilleg til fleire urfolksspråk. Ei gruppe métisar på 1800-talet, Anglo-Métis, blei omtalte som Countryborn. Dei stamma frå menn som dreiv med pelshandel i Rupert's Land, typisk frå Orknøyane, Skottland eller England, og urfolkskvinner.[28] Fyrstespråka deira vil ha vore urfolksspråk (cree, saulteaux, assiniboine osb.) og engelsk. Nokre av fedrane deira snakkka skotsk gælisk, noko som førte til utviklinga av ein engelsk dialekt kjend som bungee eller bungi.[29]
S.35 av Constitution Act, 1982 nemnar métisar, men den juridiske definisjonen av gruppa har vore omstridd.[30] 23. september 2003 avgjorde høgsteretten i Canada at métisar var ei særskild folkegruppe med sine eigne rettar (Powley ruling).[31]
Til skilnad frå First Nations-folk har ein ikkje skilt mellom anerkjende og ikkje-anerkjende métisar.[32] Métisar, kulturen og arva deira har ofte blitt tekne opp i og assimilerte inn i folkesetnaden rundt seg.[33]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Civilization.ca-Gateway to Aboriginal Heritage-Culture». Canadian Museum of Civilization Corporation. Government of Canada. May 12, 2006. Arkivert frå originalen October 20, 2009. Henta September 18, 2009.
- ↑ «Inuit Circumpolar Council (Canada)-ICC Charter». Inuit Circumpolar Council > ICC Charter and By-laws > ICC Charter. 2007. Arkivert frå originalen September 28, 2007. Henta September 18, 2009.
- ↑ Todd, Thornton & Collins 2001.
- ↑ «Terminology of First Nations, Native, Aboriginal and Métis» (PDF). Aboriginal Infant Development Programs of B.C. 2009. Arkivert frå originalen (PDF) July 14, 2010. Henta June 26, 2010.
- ↑ «Words First An Evolving Terminology Relating to Indigenous peoples in Canada». Communications Branch of Indian and Northern Affairs Canada. 2004. Arkivert frå originalen January 6, 2003. Henta June 26, 2010.
- ↑ Olson & Pappas 1994.
- ↑ «Native American, First Nations or Aboriginal? | Druide». www.druide.com. Henta May 19, 2017.
- ↑ [Indigenous peoples in Canada: Key results from the 2016 Census]
- ↑ 2011 National Household Survey: Indigenous Peoples in Canada: First Nations People, Métis and Inuit
- ↑ «Civilization.ca-Gateway to Aboriginal Heritage-object». Canadian Museum of Civilization Corporation. May 12, 2006. Arkivert frå originalen October 15, 2009. Henta October 2, 2009.
- ↑ «National Aboriginal Day History» (PDF). Indian and Northern Affairs Canada. Henta October 18, 2009.
- ↑ Joe, Rita; Choyce, Lesley (2005). The Native Canadian Anthology. Nimbus Publishing (CN). ISBN 978-1-895900-04-0.
- ↑ Rigby, Bruce. «101. Qaummaarviit Historic Park, Nunavut Handbook» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) May 29, 2006. Henta October 2, 2009.
- ↑ «The Dorsets: Depicting Culture Through Soapstone Carving» (PDF). historysociety.ca. Arkivert frå originalen (PDF) October 30, 2007. Henta October 5, 2009.
- ↑ «Innu Culture 3. Innu-Inuit 'Warfare'». Adrian Tanner Department of Anthropology-Memorial University of Newfoundland. 1999. Arkivert frå originalen August 23, 2011. Henta October 5, 2009.
- ↑ Minogue, Sarah (September 23, 2005). «When Inuit become zoo curiosities "We sat there like pieces of art in a showcase on display"». nunatsiaq.com. Arkivert frå originalen September 17, 2009. Henta October 6, 2009.
- ↑ «Kiviaq versus Canada film by Zacharias Kunuk Produced by Katarina Soukup» (PDF). Isuma Distribution International Inc. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) December 14, 2010. Henta October 3, 2009.
- ↑ Hanson, Ann Meekitjuk. «Nunavut 99-What's In A Name? Names, as well as events, mark the road to Nunavut». Nunavut.com. Arkivert frå originalen November 7, 2016. Henta October 3, 2009.
- ↑ Rinella, Steven (2008). American Buffalo: In Search of A Lost Icon. NY: Spiegel and Grau. s. 166. ISBN 978-0-385-52168-0. Henta October 18, 2009.
- ↑ «What to Search: Topics-Canadian Genealogy Centre-Library and Archives Canada». Ethno-Cultural and Aboriginal Groups. Government of Canada. May 27, 2009. Arkivert frå originalen July 5, 2009. Henta October 2, 2009.
- ↑ Stevenson, Winona (2011). Racism, Colonization and Indigeneity in Canada. Ontario, Canada: Oxford University Press. s. 44–45.
- ↑ Howard, James H (1965). The Plains-Ojibwa or Bungi: hunters and warriors of the Northern Prairies with special reference to the Turtle Mountain band (Museum Anthropology Papers 1 utg.). University of South Dakota. ISBN 978-0-16-050400-6.
- ↑ «Singer Tom Jackson pitches housing complex for Winnipeg». Canada: CBC. October 23, 2009. Arkivert frå originalen October 25, 2009. Henta January 27, 2011.
- ↑ Stanley, George F.G. (April 22, 2013). «Louis Riel». The Canadian Encyclopedia. revised by Adam Gaudry. Historica Canada.
- ↑ «Louis Riel». A database of materials held by the University of Saskatchewan Libraries and the University Archives. Arkivert frå originalen September 25, 2007. Henta September 23, 2007.
- ↑ «Backgrounder Biography of Anthony W.J. (Tony) Whitford – NWT Commissioner». 2005 News Releases. Indian and Northern Affairs Canada. October 28, 2008. Arkivert frå originalen June 13, 2011. Henta October 6, 2009.
- ↑ The Problem of Michif. Peter Bakker-Metis Resource Centre. 1997. ISBN 978-0-19-509711-5. Arkivert frå originalen July 6, 2011. Henta October 5, 2009.
- ↑ Barkwell, Lawrence J.; Dorion, Leah; Hourie, Audreen (2006). Metis legacy Michif culture, heritage, and folkways. Metis legacy series, v. 2. Saskatoon, SK: Gabriel Dumont Institute. ISBN 978-0-920915-80-6.
- ↑ Blain, Eleanor M. (1994). «The Red River dialect». Winnipeg: Wuerz Publishing. Arkivert frå originalen March 15, 2008. Henta October 15, 2009.
- ↑ Harroun Foster, Martha (January 2006). We know who we are: Métis identity in a Montana community. University of Oklahoma Press. s. 12. ISBN 978-0-8061-3705-6.
- ↑ «Her Majesty The Queen vs. Steve Powley and Roddy Charles Powley (R. v. Powley, 2 S.C.R. 207, 2003 SCC 43)» (PDF). Federation of Law Societies of Canada. 2003. Henta March 11, 2010.
- ↑ Houghton Mifflin Company (September 28, 2005). The American Heritage guide to contemporary usage and style. Houghton Mifflin Harcourt. s. 185. ISBN 978-0-618-60499-9.
- ↑ Barkwell, Lawrence J.; Dorion, Leah; Prefontaine, Darren (2001). Metis Legacy: A Historiography and Annotated Bibliography. Winnipeg, MB: Pemmican Publications Inc. and Saskatoon: Gabriel Dumont Institute. ISBN 978-1-894717-03-8.
- Denne artikkelen bygger på «Indigenous peoples in Canada» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2023.