Tysdag
Utsjånad
Veka |
---|
Tysdag blir gjerne rekna som den andre dagen i veka. Han er oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty i dei fleste germansk-språklege land, medan den romerske guden Mars har namngjeve han i dei romanske. Dagen heiter Martis dies på latin, martedí på italiensk og mardi på fransk.
Somme stader blir tysdagen sett på som uheppen. For grekarane er han mellom anna dagen Konstantinopel fall til tyrkarane. I den spansktalande verda seier eit ordtak at på tysdagar bør ein korkje gifta seg eller leggja ut på reis - En martes, ni te cases ni te embarques. Dagen er også rekna som uheppen somme stader i India på grunn av tilknytinga til planeten Mars, og ein del hinduar dreg til tempel denne dagen for å motverka den vonde innverknaden hans.
Spesielle tysdagar
[endre | endre wikiteksten]- Feitetysdag er dagen før oskeonsdag, ein dag ein tradisjonelt brukte opp alt feittet før fastetida byrja.