Tribeč
Utsjånad
Tribeč er ei krystallinsk fjellkjede vest i Slovakia. Ho høyrer til Fatra-Tatra-området i dei indre, vestlege Karpatane og ligg om lag midt mellom byane Nitra, Partizánske og Zlaté Moravce. Rundt fjella ligg Det donauske låglandet, Pohronský Inovec, Vtáčnikfjella og Det øvre Nitra-bekkenet.
Fjellkjeda er 50 km lang og opp mot 18 km på det breiaste. Bøketre er den dominerande tresorten i området. Det høgaste fjellet er Veľký Tribeč på 830 meter over havet. Området er ein del av Ponitrie verna landskapsområde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tribeč» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2009.