Hopp til innhald

Tjelta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjelta
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sola
Areal 0,41 km²
Folketal 999  (2023)
Folketettleik 2 437 / km²
Postnummer 4054 TJELTA
Ferdselsårer Tjelta
Kart
Tjelta
58°50′39″N 5°35′59″E / 58.844167°N 5.599722°E / 58.844167; 5.599722

Tjelta er opphavleg ein gard, i dag òg ein tettstad i den sørlege delen av Sola kommune i Rogaland fylke, ca. 6 kilometer sør for sentrumsområdet i kommunen. Riksveg 510 går gjennom staden. Statistisk sentralbyrå nyttar namnet Stenebyen på tettstaden, han har 999 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tjelta ligg ca. 1,5 km søraust for bustadområdet og tettstaden Hålandsmarka.

Garden Tjelta grensar til Ræge og Gimra i nord, mot Håland og Helleland i vest og Dysjeland i sør.[1] I aust ligg matrikkelgarden Kjellingland i Julebygda, Sandnes kommune.[2]

Det er samla fleire fortidsminne på garden, ein koparkjele, armringar, økser og det finst ein skålgropstein der.[3]

  1. Skjørestad, Per (2004). Sola 1930-2000. P. Skjørestad. s. 80. 
  2. Julebygda. [Bokkomiteen]. 2003. s. 14,. ISBN 8299679400. 
  3. «Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, Foto». Digitalt museum.