Hopp til innhald

Tinganes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinganes med bygningane til regjeringa i raudt.

Tinganes er den gamle bydelen i Færøyane sin hovudstad Tórshavn. Tinganes har namnet sitt frå Lagtinget, som vart oppretta på denne halvøya i vikingtida. Dei første norske busetjarane heldt sitt første ting i år 825. Halvøya deler hamna i to delar, Eystaravág og Vesteravág. Ytterst på neset ligg Skansapakkhusið, hovudbygningen til regjeringa på Færøyane. Den smale hovudgata ut til neset heiter Gongin.