Hopp til innhald

Tignes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tignes

Tignes er ein kommune i departementet Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes i Frankrike. Kommunen har om lag 2 200 ibuarar fordelt på fem landsbyar, alle bygt etter ein stor dam drukna den opphavlege landsbyen i 1952. Kommunesenteret ligg 1810 meter over havet. Tignes er grannnekommune til Val-d'Isère og grensar i aust til Piemonte i Italia. Kommune dekker eit landareal på 81,6 kvkm, med fjelltoppar opp til 3 757 moh (Aiguille de la Grande Sassière).

Turismen er den heilt dominerande næringa i Tignes, med særleg vekt på skiturismen. Den alpine verdscupen har arrangert tevlingar her i fleire tiår. Freestyle under Vinter-OL 1992 vart avvikla i Tignes.