Hopp til innhald

The Eyes of Texas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«The Eyes of Texas» er ein song frå 1903 av John Sinclair, sett til melodien til «I've Been Working on the Railroad». Songen er knytt til University of Texas at Austin og University of Texas at El Paso, og vert sungen av tilsette og elevar ved desse universiteta under idrettsarrangement der Texas Longhorn Athletics deltar.

Songen vart opphavleg publisert i «Carmina Princetonia: The Princeton Song Book» som «Levee Song».

Songen er blitt brukt i fleire filmar og Elvis Presley syng songen som ein del av ein medley med «The Yellow Rose of Texas» i Viva Las Vegas frå 1963. Songen vert sungen av Roy Orbison og Hank Williams jr. for å roe ned ei bråkande gruppe på ein countrybar i filmen Roadie. Travis Redfish, som vert spelt av Meat Loaf, syng med på songen.

  1. ^ «It’s a Century Later, and the Eyes of Texas are Still Upon You» Arkivert 2006-03-02 ved Wayback Machine. Support UT news story from March 2003 concerning the centennial of The Eyes of Texas
  2. ^ Film review of «Giant» Arkivert 2006-03-29 ved Wayback Machine. - Henta 15. desember 2016
  3. ^ The Alamo - Henta 15. desember 2016
  4. ^ «The Eyes of Texas Are Upon Excellence Award Winners» Arkivert 2005-11-30 ved Wayback Machine.
  5. ^ P.D.Q. Bach. «VI. Chorus and Finale». Oedipus Tex and Other Choral Calamities. CD. Telarc CD-80239, 1990.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Eyes of Texas