Hopp til innhald

Tørdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tørdal
bygd
Bygda Tørdal dekker øvre del av Drangedal kommune.
Land  Noreg
Kart
Tørdal
59°13′12″N 8°42′07″E / 59.22°N 8.7019°E / 59.22; 8.7019

Tørdal er ei bygd som dekker øvre del (ca 35 %) av Drangedal kommune i Telemark. Tørdal er òg eit tidlegare prestegjeld, og eit delområde som består av grunnkrinsane Bostrak, Lia, Bø, Lone, Homleid og grenda Tørdal.

Bygdesentrum er , om lag 20 km nord for kommunesenteret Prestestranda. Andre busetnader er Bostrak og Grova, om lag 11,5 og 28,5 km nord for Prestestranda. Vintersportstaden og hytteområdet Gautefall, samt utfartsområdet Søvassmarka, ligg òg i Tørdal.

Namnet Tørdal kjem av tyri og tyder «Furudalen». I gardsmatrikkelen av 1886 vert det skrive at at namnet på den tida òg vart skrive som Tørredal og Tørrisdal. Ein kjend historisk person frå bygda skal ha vore småkongen og bondeleiaren Hallvard Gråtopp. I mellomalderen, fram til 1200-talet, høyrte Tørdal til Telemark, medan resten av Drangedal høyrte til GrenlandGrenafylke.

Ein kan òg nemna Lektor Tør(r)dal frå filmane om Stompa, den alltid like rasande lektoren ved Langåsen pensjonatskole spela av Gisle Straume.