Svinerotslekta
Svinerotslekta | |
Skogsvinerot (Stachys sylvatica) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Lamioideae |
Slekt: | Svinerotslekta Stachys L., 1753 |
Svinerotslekta (Stachys) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Slekta omfattar rundt 300 artar. Dei veks naturleg i Europa, Afrika, Asia, Australia og Nord-Amerika. Kinaskokk (S. affinis) blir dyrka som rotfrukt.
Plantar i svinerotslekta er eit- eller fleirårige urter, halvbuskar eller buskar. Blada er enkle og heilranda eller tanna. Blomane er 1–2 cm lange og sit anten i toppen av stilken eller i axilen, mellom oversida av bladstilk og stengel. Dei har beger med fem eller ti nervar. Dei kan vera kvite, rosa, lilla, raude eller lysegule på farge. Krona kan ha om lag like lang overlepe som underlepe.
Artar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Ny artar av slekta er kjende frå Noreg. Fleire av dei veks berre på avfallsplassar eller er forvilla frå hagar og er berre kjende frå einskildfunn.
Etablerte artar:[1]
- Skogsvinerot (S. sylvatica), livskraftig (LC)[2]
- Åkersvinerot (S. palustris), livskraftig (LC)
- Lammeøyre (S. byzantina), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[3]
Artar kjende frå einskildfunn eller svært få funn:[1]
- Orientsvinerot (S. annua), framandart, ikkje risikovurdert
- Småsvinerot (S. arvensis), framandart, ingen kjend risiko (NK)[3]
- Salviesvinerot (S. cretica ssp. salviifolia) framandart, ikkje risikovurdert
- Kranssvinerot (S. germanica), framandart, ingen kjend risiko (NK)[3]
- Myntesvinerot (S. menthifolia) framandart, ikkje risikovurdert
- Lækjesvinerot (S. recta) framandart, ikkje risikovurdert
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Stachys affinis
-
Stachys ajugoides var. rigida
-
Stachys alopecuros
-
Stachys annua
-
Stachys arvensis
-
Stachys balansae
-
Stachys bullata
-
Stachys byzantina
-
Stachys coccinea
-
Stachys germanica
-
Stachys iberica
-
Stachys nivea
-
Stachys persica
-
Stachys thunbergii
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 971, 1165.
- ↑ «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 1. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Stachys» frå Wikipedia på engelsk, og «Syskesläktet» frå Wikipedia på svensk den 13. september 2019.