Svensk Livland
Livland Hertudømet Livland | |||||
Svensk territorium | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hovudstad | Riga | ||||
Språk | svensk, estisk, latvisk, livisk, plattysk | ||||
Religion | Luteranisme | ||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||
Konge av Sverige | |||||
- 1611–32 | Gustav II Adolf | ||||
- 1720–51 | Fredrik I | ||||
Guvernørgeneral | |||||
- 1622–28 | Jacob De la Gardie | ||||
- 1696–1702 | Erik Dahlberg | ||||
Lovgjevande forsamling | Riksdag | ||||
Historie | |||||
- Erobra av Sverige | 1629 | ||||
- Olivatraktaten | 23. april 1660 | ||||
- Den store nordiske krigen | 1700–21 | ||||
- Erobra av Det russiske keisardømet | 1713 | ||||
- Nystadtraktaten | 1721 |
Livland var eit område underlagt Sverige frå 1620-åra til 1721. Svensk Livland, som bestod av dei sørlege områda av Estland og dei nordlege områda av Latvia (regionen Vidzeme). Området utgjorde store delar av det tidlegare Hertugdømet Livland som tidlegare hadde vore ein del av Den polsk-litauiske realunionen. Erobringa var fullført i 1629. Sjølv om Livland og byen Riga var under svensk kontroll vart ikkje området formelt avstått til Sverige før Olivatraktaten i 1660. Restane av det gamle hertugdømet vart verande ein del av Den polsk-litauiske realunionen vart Inflantia (i dag regionen Latgale). I denne perioden var Riga den største byen i Sverige.
Området vart seinare erobra av Russland under den store nordiske krigen og vart ein del av Riga gubernija. Det vart formelt avstått til Russland med Nystadtraktaten i 1721.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Swedish Livonia» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.