Strykebrett
Eit strykebrett vert brukt som underlag ved stryking og damping av klede.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Under glatting med varm jarnpanne i Kina kunne klede verte strekt mellom to personar,slik at det ikkje var i kontakt med underlaget. Ellers har det vore vanleg med fast underlag når tekstilar skal glattast. Under banking av klede i Korea vart det brukt steintaburettar. Vikingane hadde glattebrett, gjerne av kvalbein når dei brukte glattestein. Og mangling med mangletre vart utført på ei glatt bordplate.
Underlag ved stryking
[endre | endre wikiteksten]Ved stryking med strykejarn egnar det seg godt å ha ei fast, noko stor plate under. Rundt i heimane har kjøkkenbordet ofte tent dette formålet. For å få høgare bord og betre arbeidsstilling, har ei plate vorte lag over to stolryggar.
I 1858 var det teke patent på eit strykebrett som gjorde det lettare å stryke ermar og buksebein. Det samanleggbare strykebrettet vart patentert i 1866. Det har og vore vanleg med strykeskap der strykebrettet var hengsla og kunne slåast saman inne i skapet.