Struten fyrstasjon
| |||
Fylke | Østfold | ||
---|---|---|---|
Kommune | Fredrikstad | ||
Funksjon | Lite kystfyr | ||
Oppretta | 1907 | ||
Koordinatar | 59°07.0839′N 10°44.4442′E / 59.1180650°N 10.7407367°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 18,8 | ||
Form | Fyrbygning med lykterom | ||
Byggjemateriale | Tre | ||
Fyrlys | |||
Lyshøgd | 18,8 moh. | ||
Lysvidde | 9,8 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1985 | ||
Avfolka | 1985 | ||
Struten fyrstasjon 59°07′05″N 10°44′27″E / 59.1181°N 10.7408°E | |||
Struten fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme i Oslofjorden sør for Hankø i Fredrikstad kommune i Østfold. Rett vest for fyret ligg Nøtterøy og Tjøme.
Fyret bestod av ein fyrbygning med lite lykterom på toppen av huset og vart bygd i 1907. Då fyret vart automatisert i 1985 vart fyrlykta plassert på ei søyle sørvest for huset.
Sjømannforeiningar i Fredrikstad og Sarpsborg søkte om å få sett ut eit fyr på Struten i 1886, men fekk avslag. I staden vart det i 1901 sett ut ein orgelbøye like nord for Struten. I 1904 forliste barken «Sir John Lawrence» ved Struten og mannskapet på 13 omkom. Det vart då reist nytt krav om fyr på holmen og denne gongen fekk dei godkjenning. Fyret bestod av ein fyrbygning med lite lykterom på toppen av huset og vart bygd i 1907. Då fyret vart automatisert i 1985 vart fyrlykta plassert på ei søyle sørvest for huset.
Under den andre verdskrigen bygde tyskarane tre kanonstillingar rundt fyrhuset, men desse vart aldri teke i bruk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Struten fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- Strutens historie