Strix
Strix | |
Lappugle, Strix nebulosa Foto: Wikimedia-brukar jok2000
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Strix Linnaeus, 1758 |
Strix er ei biologisk slekt av i uglefamilien, typiske ugler Strigidae. Utbreiingsområdet er spreidd over den nordlege halvkula, i Søraust-Asia, Sør-Amerika og Afrika sør for Sahara. Neotropiske fuglar i slekta Ciccaba er nokre gonger tatt med i Strix.
Dette er mellomstore til store, robust bygde og kraftige ugler. Dei har ikkje øyreduskar og dei fleste er svært nattlege skogsfuglar. Dei fleste lever av små pattedyr, fuglar og reptil.
Merk at sjølv om Linné etablerte slekta Strix i 1758 for øyrelause ugler, gjorde fagfolk tidlegare mistak, og brukte ho til andre fuglar - nemleg slørugler i slekta Tyto, som også er øyrelause ugler.[1]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Strix-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.2, 2022,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Gulfjesugle, Strix seloputo, Spotted Wood Owl, Horsfield, 1821, (LC)
- Hinduugle, Strix ocellata, Mottled Wood Owl, (Lesson, R, 1839), (LC)
- Brunlinjeugle, Strix leptogrammica, Brown Wood Owl, Temminck, 1832, (LC)
- Kattugle, Strix aluco, Tawny Owl, Linnaeus, 1758, (LC)
- manglar norsk namn, Strix mauritanica, Maghreb Owl, (Witherby, 1905), ()
- Orientkattugle, Strix nivicolum, Himalayan Owl, (Blyth, 1845), (LC)
- Klippeugle, Strix hadorami, Desert Owl, Kirwan, Schweizer & Copete, 2015, (LC)
- Omanugle, Strix butleri, Omani Owl, (Hume, 1878), (DD)
- Flekkugle, Strix occidentalis, Spotted Owl, (Xántus, 1860), (NT)
- Høvdingugle, Strix varia, Barred Owl, Barton, 1799, (LC)
- manglar norsk namn, Strix sartorii, Cinereous Owl, (Ridgway, 1874), ()
- Mayaugle, Strix fulvescens, Fulvous Owl, (Sclater, PL & Salvin, 1868), (LC)
- Paranáugle, Strix hylophila, Rusty-barred Owl, Temminck, 1825, (NT)
- Chacougle, Strix chacoensis, Chaco Owl, Cherrie & Reichenberger, 1921, (NT)
- Chileugle, Strix rufipes, Rufous-legged Owl, King, PP, 1827, (LC)
- Slagugle, Strix uralensis, Ural Owl, Pallas, 1771, (LC)
- Lappugle, Strix nebulosa, Great Grey Owl, Forster, JR, 1772, (LC)
- Panugle, Strix woodfordii, African Wood Owl, (Smith, A, 1834), (LC)
- Demonugle, Strix virgata, Mottled Owl, (Cassin, 1849), (LC)
- Sotugle, Strix nigrolineata, Black-and-white Owl, (Sclater, PL, 1859), (LC)
- Gitterugle, Strix huhula, Black-banded Owl, Daudin, 1800, (LC)
- Brynjeugle, Strix albitarsis, Rufous-banded Owl, (Bonaparte, 1850), (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Strix (genus)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2014.
- Feduccia, J. Alan; Ford, Norman L. (1970). «Some birds of prey from the Upper Pliocene of Kansas» (PDF). The Auk 87 (4): 795–797. doi:10.2307/4083714.
- Milne-Edwards, Alphonse (1869–1871): Recherches anatomiques et paléontologiques pour servir à l'histoire des oiseaux fossiles de la France (Vol. 2). G. Masson, Paris.
- Mlíkovský, Jirí (2002): Cenozoic Birds of the World, Part 1: Europe Arkivert 2011-05-20 ved Wayback Machine.. Ninox Press, Prague.
- Paris, P. (1912). «Oiseaux fossiles de France». Revue Française d'Ornithologie 37: 283–298.
- Olson, Storrs L. (1985): Section IX.C. Strigiformes. In: Farner, D. S.; King, J. R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 129–132. Academic Press, New York.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mlíkovský (2002): p.217
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v12.2). doi : 10.14344/IOC.ML.12.2 Henta 23. november 2022
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/