Stord Sumo Klubb
Utsjånad
Stord Sumo Klubb var i byrjinga av 2000-åra eitt av dei sterkaste miljøa innan sumobryting i Noreg. Klubben held til på Stord.
I 1990 deltok Jan Kleveland frå Stord i NM i sumobryting og fekk bronsemedalje. Han fekk etterkvart med seg fleire, og dei starta Stord Sumo Klubb. I NM i 2000 kom klubben heim med sølv og bronse. Same året tok Arnold Aasheim bronse i verdsmeisterskapen for amatørar i Japan. Klubben har òg gjort det sterkt og vunne mange medaljar i europeiske meisterskap. Andre som har hatt suksess i Stord Sumo Klubb er Hans Åge Jordalen og Odd Magnus Severinsen.