Stephen Stills 2
Stephen Stills 2 Studioalbum av Stephen Stills | ||
Utgjeve | 30. juni 1971 | |
Sjanger | Folkrock, rock | |
Lengd | 43:02 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Stephen Stills, Bill Halverson | |
Stephen Stills-kronologi | ||
---|---|---|
Stephen Stills (1970) |
Stephen Stills 2 | Manassas (1972)
|
Stephen Stills 2 er det andre soloalbumet til Stephen Stills, gjeve ut på Atlantic Records i 1971. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200 og selde til gullplate i USA.[1][2] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, som begge akkurat ikkje klarte å gå inn på topp 40 på Billboard Hot 100-lista: «Change Partners» nådde 43. plassen og «Marianne» 42. plassen.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Stills hadde alt framført «Bluebird Revisited» på turné med Crosby, Stills, Nash, & Young i 1969. Stills drog ut på The Memphis Horns-turneen sommaren 1971 for å marknadsføre albumet med medlemmar frå The Memphis Horns i lag med CSNY-bassisten Calvin Samuels og CSNY-trommeslagaren Dallas Taylor. Seinare spelte han inn to av songane på albumet på ny: «Singin' Call» i 1991 på albumet Stills Alone og «Word Game» i 2013 for eit album med blues-supergruppa The Rides.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
The Village Voice | C[5] |
John Mendelsohn frå Rolling Stone skildra Stills som «ein solid annanrangs artist som så mange lågare gjennomsnittsmenneske insisterer på er førsteklasses.» Han skildra vidare musikken hans etter Buffalo Springfield som «femtegrads nytingssjuk». Om Stephen Stills 2 skreiv han «tekstane på Stills 2 er trivielle, kvalmt innbilske og rett og slett støytande om ein annan. Musikken er heilt klar matt og karakterlaus, og produksjonen av heile greia er så langt frå å ikkje vere tapt bak ei vogn at ein må kjempe hardt for å få eit inntrykk av framføringa.»[6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Change Partners» | 3:13 |
2. | «Nothin' to Do But Today» | 2:40 |
3. | «Fishes and Scorpions» | 3:13 |
4. | «Sugar Babe» | 4:04 |
5. | «Know You Got to Run» (Stills, John Hopkins) | 3:50 |
6. | «Open Secret» | 5:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Relaxing Town» | 2:20 |
8. | «Singin' Call» | 3:01 |
9. | «Ecology Song» | 3:22 |
10. | «Word Game» | 4:13 |
11. | «Marianne» | 2:27 |
12. | «Bluebird Revisited» | 5:23 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Stephen Stills — vokal, gitar, klaverinstrument, bass
- Nils Lofgren — gitar, klaverinstrument, korvokal
- Eric Clapton — elektrisk gitar på «Fishes and Scorpions»
- Paul Harris, Billy Preston, Mac Rebennack — klaverinstrument
- Calvin «Fuzzy» Samuels — bass
- Conrad Isidore, Dallas Taylor — trommer
- Gasper Lawal, Rocky Dijon — congatrommer
- David Crosby, Henry Diltz, Fred Neil som «Fearless Freddy» — korvokal
- Jerry Garcia — pedalsteelgitar på «Change Partners» (ikkje oppført)
- med The Memphis Horns
- Roger Hopps, Wayne Jackson — trompet
- Jack Helm — trombone
- Sidney George, Ed Logan, Andrew Love — tenorsaksofon
- James Mitchell, Floyd Newman — barytonsaksofon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stephen Stills 2» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Billboard Chart History Stephen Stills henta 15. januar 2019.
- ↑ RIAA Gold and Platinum henta 15. januar 2019.
- ↑ Billboard Chart History Stephen Stills henta 15. januar 2019.
- ↑ Chrispell, James. Stephen Stills 2 på Allmusic. Henta 15. januar 2019.
- ↑ Christgau, Robert (14. oktober 1971). «Consumer Guide (19)». The Village Voice (New York). Henta 15. januar 2019.
- ↑ Mendelsohn, John Ned (19. august 1971). «Stephen Stills Stephen Stills 2 > Album Review». Rolling Stone (89). Arkivert frå 5942110/stephen_stills_2 originalen Check
|url=
value (hjelp) 3. juli 2007. Henta 14. januar 2019.