Standardatmosfære
Standardatmosfære (symbol: atm) eller normalatmosfære er ei måleeining for trykk. Det er ikkje ei SI-eining. Den tiande Conférence Générale des Poids et Mesures[1] (Tiande CGPM) godkjende standardatmosfære for generell bruk og definerte han til å vere nøyaktig 1 013 250 dyn per cm2 (101 325 Pa). Denne verdien skal representere det midla lufttrykket i havnivå i Paris, men i praksis representerer han middeltrykket i havnivå for mange av dei av områda på liknande breiddegrad som Paris.
Andre verdiar
[endre | endre wikiteksten]Eit trykk på 1 atm kan òg skrivast som:
- ≡1,01325 bar
- ≡101325 Pa
- ≡1013,25 millibar (mbar, eller mb)
- ≡760 torr
- ≈1,033 227 452 799 886 kp/cm2
- ≈1,033 227 452 799 886 teknisk atmosfære
- ≈1033,227 452 799 886 cm–H2O, 4 °C[a]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]I kjemi er standardtemperatur og standardtrykk definert som referansetemperaturen 0 °C og trykk på 1013,25 hPa (1 atm).
I dykking brukar ein stundom ordet atmosfære i staden for 1 bar (1000 millibar, eller 1000 hPa).
Eininga teknisk atmosfære (at) er om lag lik overtrykket under 10 meter vatn. 1 at ) 98066,5 Pa (980,665 hPa)
Pascal (Pa) |
Bar (bar) |
Teknisk atmosfære (at) |
Atmosfære (atm) |
Torr (mmHg) |
Trykk i pund per kvadrattomme (psi) | |
---|---|---|---|---|---|---|
1 Pa | ≡ 1 N/m² | 10−5 | 10,197×10−6 | 9,8692×10−6 | 7,5006×10−3 | 145,04×10−6 |
1 bar | 100 000 | ≡ 106 dyn/cm² | 1,0197 | 0,98692 | 750,06 | 14,504 |
1 at | 98 066,5 | 0,980665 | ≡ 1 kgp/cm² | 0,96784 | 735,56 | 14,223 |
1 atm | 101 325 | 1.01325 | 1.0332 | ≡ 1 atm | 760 | 14.696 |
1 torr | 133.322 | 1.3332×10−3 | 1.3595×10−3 | 1.3158×10−3 | ≡ 1 mmHg | 19.337×10−3 |
1 psi | 6 894.76 | 68.948×10−3 | 70.307×10−3 | 68.046×10−3 | 51.715 | ≡ 1 lbf/in² |
Døme: 1 Pa = 1 N/m² = 10−5 bar = 10,197×10−6 ved = 9,8692×10−6 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.