Staffan Strand
Staffan Strand | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. april 1976 (48 år) Upplands Väsby |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Bo Staffan Strand (fødd 18. april 1976) er ein svensk tidlegare høgdehoppar frå Upplands Väsby. Han vann høgdetevlinga ved innandørs-EM 2002 og tok bronsemedaljen i EM i friidrett 2002. Strand sitt personbeste innandørs er 2,35 meter, utandørs nådde han ikkje høgre enn 2,32 m. Han vart svensk meister i høgdehopp 1995-97.
Strand sette personleg rekord i Nice sommaren 2000 med eit hopp på 2,32 meter. Same høgda klarte han også i OL-finalen 2000 i Sydney, noko som gav han ein delt sjetteplass. Innandørssesongen 2002 vann han høgdetevlinga i europameisterskapen i Wien då han svinga seg over 2,34 meter, eit par månader seinare presterte han 2,35 m i Stockholm. Under Friidretts-EM 2002 kneip han bronsemedaljen, trass i at han ikkje hoppa høgre enn 2,27 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1997 i Aten: Utslått kvalifiseringa (2,23 m=nr 15)
- EM 1998 i Budapest: Nr 8 – 2,27 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 2,29 m
- OL 2000 i Sydney: nr 6 – 2,32 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 2,25 m
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 2,27 m
- VM 2003 i Paris: Utslått kvalifiseringa (2,20 m=nr 22)
- OL 2004 i Aten: Utslått kvalifiseringa (2,25 m=nr 18)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Staffan Strand» frå Wikipedia på svensk, den 8. juni 2022.