Spellemannprisen 2000
Utsjånad
Spellemannprisen 2000 blei delt ut i Oslo Spektrum fredag 2. mars 2001. Briskeby blei kveldens store vinnar med heile fire prisar for debutalbumet deira, Jeans for Onassis, og singelen «Propaganda». Herborg Kråkevik vann prisen for Årets spellemann, og a-ha fekk heidersprisen frå juryen for andre gong (første gong var i 1986).
For første gong sidan 1985 blei bransjeprisen delt ut. Prisen gjekk til Kjell Hillveg, for den mangårige innsatsen hans innan formidling av klassisk musikk, mellom anna i NRK og Aftenposten.
NRK arrangerte utdelinga og sende eit redigert opptak av ho dagen etterpå. Programleiarane var Jon Almaas og Bård Tufte Johansen.
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]Klasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Popsolist | Bertine Zetlitz | Beautiful So Far |
Popgruppe | Briskeby | Jeans for Onassis |
Rock | Motorpsycho | Let Them Eat Cake |
Hardrock | Sensa Anima | Sin Thatic |
Dance/hip-hop | Biosphere | Cirque |
Folkemusikk/gammaldans | Håkon Høgemo | Solo |
Danseorkester | Ole Ivars | Medisin mot det meste |
Jazz | Petter Wettre, Per Oddvar Johansen | The Only Way To Travel |
Klassisk musikk | Leif Ove Andsnes og Det Norske Kammerorkester | Haydn: Pianokonsert nr. 3, 4 og 11 |
Samtidsmusikk | Kenneth Karlsson | Sofferte Onde Serene |
Viser og viserock | Kari, Ola og Lars Bremnes | Soløye |
Barneplate | Asgeir | Fritt fram |
Open klasse | Nils Petter Molvær | Solid Ether |
Årets artist | Briskeby | Jeans for Onassis |
Årets videopris | a-ha | «Velvet» |
Årets nykomar | Briskeby | Jeans for Onassis |
Årets låt | Briskeby | «Propaganda» |
Årets spellemann | Herborg Kråkevik | |
Bransjepris | Kjell Hillveg | |
Spesialpris: heiderspris frå juryen | a-ha |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.