Hopp til innhald

Solbjørg Højfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solbjørg Højfeldt

Fødd10. juni 1947 (77 år)
FødestadKøbenhavn
Verka somskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar
EktefelleHenning Jensen
PrisarBodilprisen for beste kvinnelige hovedrolle

Solbjørg Højfeldt (fødd 10. juni 1947[1]) er ein dansk skodespelar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Solbjørg Højfeldt starta karrieren som laboratorieteknikar, men utdanna seg til skodespelar ved Aalborg Teater i 1972-1977. Etter dette drog ho til København, der ho har spelt på dei fleste av teatera i tidas løp. Ved sida av har ho medverka i eit mindre tal filmar, og seinare har ho i tillegg instruert fleire teaterstykke, blant anna i Sverige. Ho har }òg undervist ved Statens Teaterskule.

Ho er medlem av representantskapet i Dansk Sprognævn og av Uddannelsesrådet for Film og Teater.

Ho er gift med skodespelaren Henning Jensen.

  • Verden er fuld af børn (1980)
  • Langturschauffør (1981)
  • Slingrevalsen (1981)
  • Den ubetænksomme elsker (1982)
  • Zappa (1983)
  • Rainfox (1984)
  • Vera (kortfilm, 1984)
  • Oviri (1986)
  • Drengene fra Sankt Petri (1991)
  • Riget I (1994)
  • Operation Cobra (1995)
  • Davids bog (1996)
  • Riget II (1997)
  • Sekten (1997)
  • Motello (1998)
  • Klinkevals (1999)
  • Blinkende lygter (2000)
  • Fruen på Hamre (2000)
  • Brødre (2004)
  • Hannah Wolfe (2004)
  • No Right Turn (2006)
  • Velsignelsen (2009)
  • Simon & Malou (2009)
  • Darling (2017)
  • Selvmordsturisten (2019)

Utvalde tv-produksjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Henover Midten (1982)
  • Gøngehøvdingen – 1992 som Fru Elsebeth Buchwald.
  • Riget og Riget II (1994 og 1997)
  • TAXA (1997-1999)
  • Karrusel (1998)
  • Skjulte spor (2000-2001)
  • Den serbiske dansker (2001)
  • Langt fra Las Vegas (2000-2003)
  • Forbrydelsen (2007)
  • Herrens Veje (2017)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]