Hopp til innhald

Slamstraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slamstraum ved Cowliz River i Washington, etter utbrotet til Mount Saint Helens i 1980.

Ein slamstraum er ein vassblanda, finkorna lausmasse som flyt nedover ein skråning. Han kan dannast i samband med vulkanutbrot ved blanding av vulkansk oske og vatn, eller i ørkenstrøk etter plutselege og valdsame regnskyll.

Slamstraumar kan òg oppstå under vatn som turbiditt.