Hopp til innhald

Skvadron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USA-skvadron under Koreakrigen i 1951

Skvadron er ei militær avdeling i krigsflåter og flyvåpen. Skvadron tyder den taktiske eininga i eit luftforsvar og er vanlegvis under kommando til ein major. Talet på fly i ein flyskvadron kan variere, oftast frå 12 til 24, avhengig av oppgåvene til skvadronen eller vedlikehaldsorganisasjonen til flystasjonen.

I sjøforsvar er skvadron eit mindre tal, vanligvis 4–6, krigsskip av same type. Skvadronen kan vere delt i divisjonar, jamfør eskadre.