Skeise-VM 2018 i firkamp
Verdsmeisterskapen på skeiser 2018 i firkamp vart avvikla på Olympisch Stadion i Amsterdam i Nederland dagane frå 9. til 11. mars. 24 menn og 22 kvinner frå 13 ulike land deltok i meisterskapen.
Patrick Roest frå arrangørlandet og Miho Takagi frå Japan vart verdsmeistrar, begge for fyrste gong. Roest var bestemann på 500 meter, medan andremann samanlagt, Sverre Lunde Pedersen, vann både 5 000 m og 1500 meter. Svenske Nils van der Poel var best i milløpet. I kvinneklassa gjekk Takagi fortast av alle på dei to kortaste distansane, og nederlandske Ireen Wüst på dei to lengste distansane.
Dei norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 9 Håvard Bøkko og Ida Njåtun, 12 Simen Spieler Nilsen og 16 Sofie Karoline Haugen.
Skeise-VM 2018
[endre | endre wikiteksten]Menn
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Patrick Roest | Nederland | 154,547 | |
Sverre Lunde Pedersen | Noreg | 154,941 | |
Marcel Bosker | Nederland | 155,953 | |
4 | Sven Kramer | Nederland | 156,003 |
5 | Bart Swings | Belgia | 156,266 |
6 | Nils van der Poel | Sverige | 156,799 |
7 | Haralds Silovs | Latvia | 159,667 |
8 | Danila Semerikov | Russland | |
9 | Håvard Bøkko | Noreg | 115,296 |
Dato: 9.–11. mars
Kvinner
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Miho Takagi | Japan | 166,905 | |
Ireen Wüst | Nederland | 167,758 | |
Annouk van der Weijden | Nederland | 169,840 | |
4 | Antoinette de Jong | Nederland | 170,016 |
5 | Francesca Lollobrigida | Italia | 170,181 |
6 | Martina Sáblíková | Tsjekkia | 170,965 |
7 | Ayaka Kikuchi | Japan | 172,042 |
8 | Nikola Zdráhalová | Tsjekkia | 172,051 |
9 | Ida Njåtun | Noreg | 126,324 |
Dato: 9.–11. mars
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschappen schaatsen allround 2018» frå Wikipedia på nederlandsk, den 24. januar 2024.