Siri Dokken
Siri Dokken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juli 1966 (58 år) Bærum kommune |
Yrke | illustratør, professor, teikneserieskapar |
Siri Dokken på Commons |
Siri Dokken (fødd 5. juli 1966 i Bærum) er ein norsk avisteiknar og illustratør.
Siri Dokken er utdanna ved SHKS og har arbeidd som illustratør for bokforlag og reklamebyrå sidan 1991. I 1994 gav ho ut teikneserien Kongens menn saman med tekstforfattaren Baard Enoksen. Ho var avisteiknar i vekeavisa Dag og Tid i 1994, men har sidan 1995 teikna fast for Dagsavisen. Teiknestilen hennar er kjenneteikna av ein flytande, sikker pennestrek.
I 1994 fekk Dokken og Baard Enoksen Sproing-prisen for teikneserien Kongens Mann. I 2005 mottok Siri Dokken den prestisjetunge EWK-prisen for avisteikningane sine. Prisen blir delt ut av det svenske EWK-sällskapet og er oppkalla etter avisteiknaren Ewert Karlsson (1918-2004). Saman med Kari Tinnen vann ho Kultur- og kirkedepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2010, for Ulla hit og dit. I 2011 vann ho prisen for Årets avistegning for teikningen «Folkekongen», som blei presentert i Dagsavisen 17. oktober 2009.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Siri Dokken i Dagsavisen vant årets avistegning». Norsk Redaktørforening. 12. september 2011. Henta 10. mars 2012.
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010 og 12. februar 2019
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Intervju med Siri Dokken i samband med EWK-prisen Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.