Sergej Martsjuk
Sergej Martsjuk | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 13. april 1952 Moskva |
Død |
25. august 2016 (64 år) |
Yrke | skøyteløpar |
Sergej Vasiljevitsj Martsjuk (13. april 1952–25. august 2016) var ein russisk skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1978.
Martsjuk representerte Sovjetunionen internasjonalt fyrste gongen i 1973-sesongen. I 1977 vart han fjerdemann då firkamp-VM fann stad i Heerenveen. Same sesongen vart han den fyrste som gjekk under fire minuttar på 3 000 meter då han fekk notert 3.56,65 på Medeobana i mars månad. Tida vart aldri godkjend som verdsrekord, og det skulle gå heile 15 år før nokon gjekk distansen fortare.
Vinteren 1978 vann Martsjuk europameisterskapen på Bislett stadion i Oslo framom nordmennene Sten Stensen, Jan Egil Storholt og Kay Stenshjemmet. Ein månad etter EM kom han på bronseplassen i VM 1978 i Göteborg, slått av verdsmeister Eric Heiden frå USA og førnemnde Storholt. Ved EM 1979 vart Martsjuk nok ein gong nummer tre, nordmennene Storholt og Stenshjemmet tok dei to fyrste plassane i meisterskapen. Etter tiandeplass i VM 1980 forvann Martsjuk frå skeisearenaen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sergej Martsjoek» frå Wikipedia på nederlandsk, den 22. november 2016.