Seewoosagur Ramgoolam
Seewoosagur Ramgoolam | |||
| |||
Fødd | 19. september 1900 Flacq | ||
---|---|---|---|
Død | 15. desember 1985 (85 år) | ||
Statsborgar av | Mauritius | ||
Yrke | politikar, velgjerar | ||
Utdanna ved | University College London London School of Economics Royal College Curepipe | ||
Barn | Navinchandra Ramgoolam | ||
Alle verv |
|
Sir Seewoosagur Ramgoolam (18. september 1900–15. desember 1985) var ein politikar av indisk ætt frå Mauritius. Ramgoolam var den fyrste statsministeren i landet etter at det vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1968, og er kjend som «nasjonens far».
Ramgoolam vart fødd i landsbyen Kewal Nagar i delstaten Flacq på Mauritius. Han var statsminister i den britiske kolonien Mauritius frå 1961 til 1968. Mahatma Gandhi var eit stort førebilete for han, og han jobba iherdig for at Mauritius skulle bli uavhengig frå Storbritannia utan valdeleg opprør. Då landet vart sjølvstendig den 12. mars 1968, heldt Ramgoolam fram i stillinga som statsminister, heilt fram til 1982. Anerood Jugnauth tok over som statsminister etter Ramgoolam. Frå 1983 vart Ramgoolam utnemnd til generalguvernør, og beheldt stillinga til han døydde i 1985.
I dag er Ramgoolam ein hylla personlegdom på Mauritius. Han er avbilda på alle myntane til den mauritiske rupien. Den botaniske hagen i Pamplemousses, Sir Seewoosagur Ramgoolam Botanical Garden, er oppkalla etter han. Det same gjeld Mauritius sin internasjonale flyplass, Sir Seewoosagur Ramgoolam International Airport.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seewoosagur Ramgoolam» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2010.