Sedan i Frankrike
Sedan | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Champagne-Ardenne Ardennes |
Geografi | |
Flatevidd | 16,28 km² |
Flatevidd - By |
16,28 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
20 548 1 262/km² |
Koordinatar | 49°42′N 04°56′E / 49.700°N 4.933°E |
Høgd over havet | 157 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 08200 |
Heimeside: http://www.sedan.fr | |
Nettstad: www.sedan.fr |
Sedan er ein by og kommune nordaust i Frankrike i departementet Ardennes der han er sous-préfecture.
Det historiske sentrumet er bygd på ei halvøy danna av ein sving i elva Meuse. Byen var lenge eit senter for klesproduksjon, starta av Kardinal Mazarin, noko som støtta opp om utviklinga av byen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1500-talet var Sedan eit asyl for protestantiske flyktningar under Hugenottkrigen.
Fram til 1651 høyrte fyrstedømet Sedan til familien La Tour d'Auvergne. Den mest vidkjende av desse var Marskalk Turenne, fødd i Sedan 11. september 1611.
2. september 1870 under den fransk-prøyssiske krigen vart den franske keisaren Napoleon III tatt til fange i lag med 100 000 av soldatane sine under Slaget ved Sedan. Den store sigeren, som gjorde det «andre Reich» i Tyskland mogeleg, førte til at 2. september vart erklært «Sedandag» (Sedantag) og ein nasjonal tysk heilagdag i 1871, noko han var fram til 1919.
Under den andre verdskrigen invaderte tyske troppar først det nøytrale Belgia og kryssa elva Meuse i Sedan. Dette gjorde at dei kom seg forbi dei franske festningsverka kalla Maginotlinja.
Borg
[endre | endre wikiteksten]I dag er Sedan kjend for borga si, som visstnok skal vere den største borga frå mellomalderen i Europa med ei totalt flatevidd på 30 000 m² fordelt på sju nivå. Det er det einaste som er igjen av det ein gong enorme festningsverket i og rundt byen. Bygginga byrja i 1424 og festningsverka vart stadig utbetra etter kvart.