Sauda-streiken 1970 - Streik!
Utsjånad
Sauda-streiken 1970 - Streik!, eller berre Streik! er ein norsk film frå 1975. Filmen tek utgangspunkt i streiken mellom omnshusarbeidarane på Sauda Smelteverk den 2. juni 1970. Romanen Sauda! Streik! frå 1972 av Tor Obrestad skildra streiken, og filmen byggjer mykje på romanen.
Streiken
[endre | endre wikiteksten]240 omnhusarbeidarar gjekk til streik ved smelteverket som fram til 1977 heitte Electric Furnace Products Company og var utanlandsk eigd. Streiken vara i fem veker utan stønad frå fagforbund og Landsorganisasjonen. Trass i dette fekk arbeidarane gjennom fleire av krava sine. Streiken vart kjend over heile landet. Konflikten vart heitare då det vart kjend at streikeleiaren var kommunist.
Filmfakta
[endre | endre wikiteksten]Regi: Oddvar Bull Tuhus Lengd: 97 min