Hopp til innhald

Sarah Louise Rung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarah Louise Rung


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. oktober 1989 (35 år)
Bergen
Idrett svømming
Tok del i Paralympiske sommarleikar 2012, Paralympiske sommarleikar 2016, Paralympiske sommarleikar 2020
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje, Regjeringens paralympiske ærespris

Sarah Louise Rung (fødd 8. oktober 1989) er ein norsk para-symjar frå Stavanger, som konkurrerar i klassane SM6/S6/SB5. Ho representerte Stavanger Svømmeklubb, men har sidan august 2020 budd og trena i Bergen.[1] Ho har fire gullmedaljar frå Paralympiske sommarleiker 2012 og 2016, og ho har ei rekkje VM- og EM-medaljar i symjing. Favorittdistansane hennar er 100 meter bryst, 200 meter fri og 200 meter medley, og ho har sett ei rekkje verdsrekordar.

Ved sida av idretten jobbar Rung som rådgjevar for Olympiatoppen, og ho er utøvarambassadør for den humanitære organisasjonen Right To Play.[2] I 2020 byrja ho òg studium innan klinisk kosthald ved Universitetet i Bergen.[3][4]

Sarah Louise Rung har symd sidan ho var liten. Ho byrja å symja då ho var sju år gammal, og ho valde å halda fram å symja også etter at ho i 2008 vart lam frå livet og ned etter ein mislukka operasjon på Haukeland sjukehus for å unngå ein framtidig skeivheit i ryggen.[5][6]

Idrettskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Rung deltok i Para-EM i symjing 2009 i Reykjavík, og fekk der bronse på 100 meter og 400 meter fri, i klassa S6. Britiske Ellie Simmonds vann begge desse øvingane.[7][8] På 50 meter fri kom ho på fjerdeplass.[9] Same året deltok ho i Para-VM i kortbanesymjing 2009, som vart arrangert i Rio de Janeiro. Der fekk ho sølv på 400 meter fri, bak Ellie Simmonds. Ho symde òg inn til tredjeplass på 100 meter bryst, men vart der diskvalifisert.[10]

Para-VM i symjing 2010 vart arrangert i Eindhoven i Nederland, og Rung vann der 200 meter fri (S5), 100 meter bryst (SB4) og 50 meter butterfly (S5), og ho fekk sølv på 100 meter i klassa S5, bak Inbal Pezaro frå Israel.[4] Ho sette verdsrekord i sin klasse på 100 meter bryst, med tida 1:52,64 .[11]

Under Idrettsgallaen 2011 vart ho kåra til 'Årets funksjonshemja utøvar' for 2010.

2011 -2012

[endre | endre wikiteksten]

I mars 2011 sette ho fire verdsrekordar under NM i symjing, blant anna på 100 meter bryst i klassa SB4, med 1:53,46 .[12] Ho sette òg verdsrekord på 100 meter bryst i klassa SB4 i Esbjerg tidlegare i mars, med 1:51,50 .[13]

Ho deltok i Para-EM i symjing 2011 i Berlin. Der vann ho først 50 meter butterfly, og ho vann 200 meter medley. På 100 meter bryst stod ho med verdsrekord før meisterskapen, og ho forbetra denne til 1:49,33 i forsøksheatet, og forbetra han ytterlegare til 1:48,42 i finalen, der ho vann gull føre Natalia Prologajeva og Natalia Sjavel. På 100 meter fri (S5) kom ho på andreplass, bak verdsrekordhaldar Teresa Perales frå Spania. Ho vann 200 meter fri, og slo der Perales med over 10 sekund.[13]

Ho forbetra sin eigen verdsrekord på 50 meter butterfly med tida 1.46,98 under NM langbane i Tøyenbadet i Oslo.[14] Under NM i symjing i mars 2012 sette ho tre verdsrekordar; på 200 meter fri med tida 2.55,75, på 200 meter medley med 3.22,34 og på 50 meter bryst med tida 49,70 .[15][16]

I 2012 deltok Rung i sine første Paralympiske leiker, som var Paralympiske sommarleikar 2012 i London. Der vann ho 200 meter fri med tiden 2.49,74,[17] og 50 meter butterfly med tida 41,76.[18] Ho fekk sølv på 100 m bryst med tida 1.45,68[19] og sølv på 200 m individuell medleysvømming med tida 3.15,89, der Natalia Prologajeva vann begge øvingane.[20]

Ho vart kåra til 'Årets funksjonshemja utøvar' under Idrettsgallaen 2012 (for 2011) og til 'Årets kvinnelege funksjonshemja utøver' under Idrettsgallaen 2013 (for 2012).

Under Para-VM i symjing 2013 vann Rung fem medaljar. Ho vann 50 meter butterfly, 200 meter fri, 100 meter bryst og 200 meter medley, og ho fekk bronse på 100 meter fri, bak Natalia Prologajeva og Viktoria Savtsova.

Året etter deltok ho i Para-EM i symjing 2014. Der fekk ho åtte medaljar - seks individuelle og to i stafett. Ho vann 100 meter bryst, 50 meter butterfly, 200 meter medley og 200 meter fri, og ho fekk sølv på 100 meter fri og 50 meter rygg. På 4 x 50 meter fri fekk Noreg sølv, og på 4 x 50 meter medleystafett fekk dei gull.

Ho vart kåra til 'Årets kvinnelege funksjonshemja utøvar' under Idrettsgallaen 2014 og Idrettsgallaen 2015.

Rung deltok i Para-VM i symjing 2015, der ho vann 200 meter fri, 50 meter butterfly, 100 meter bryst og 200 meter medley. På 100 meter fri fekk ho sølv, bak Teresa Perales, og på 50 meter rygg fekk ho bronsa. Ho deltok igjen under Para-EM i symjing 2016, og vant der fem av øvingane; 50 meter butterfly, 200 meter medley, 200 meter fri, 100 meter bryst og 100 meter fri. I tillegg fekk ho bronse på 50 meter rygg.[4]

Ho deltok i Paralympiske sommarleiker 2016 i Rio, og vann der 100 meter bryst og 200 meter medley. Ho kom på andreplass på 50 meter butterfly, bak Xihan Xu frå Kina, og ho fekk bronse på 50 meter rygg og 200 meter fri. På 100 meter fri kom ho på sjetteplass, og på 50 meter fri kom ho på sjuendeplass.[4]

Ho vart kåra til 'Årets kvinnelege funksjonshemja utøvar' igjen under Idrettsgallaen 2016 og Idrettsgallaen 2017.

Para-VM i symjing 2017 vart arrangert i Mexico, og der vann Rung 100 meter fri. Ho fekk sølv på 50 meter butterfly, og på 200 meter fri. Rung fekk bronse på 50 meter rygg. På 100 meter bryst vart ho diskvalifisert.[4]

IPC endra regelverket for klassifisering i 2018, og Rung vart flytta opp ei klasse. Under Para-EM i symjing 2018 konkurrerte ho dermed i klassene SB5 og S6, som er for utøvarar med mindre grad av funksjonshemming.[21][22] Ho fekk likevel sølv på 100 meter bryst, og ho kom på tiandeplass på 100 meter fri.[4]

Rung fekk ingen medaljar under Para-VM i symjing 2019, men ende på femteplass på 100 meter bryst, og vart slått ut i forsøksheatet på 100 meter fri og 200 meter medley.[4]

Rung representerte Noreg under Paralympiske sommarleiker 2020, som vart arrangert i Tokyo i 2021.

Merittar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2015: «Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver» for 2014 under Idrettsgallaen 2015
  • 2015: «Årets forbilde» for 2014 under Idrettsgallaen 2015
  • 2014: EM i svømming for funksjonshemmede: gull på 100 bryst, 50 butterfly, 200 medley, og 200 fri. Sølv på 100 fri, 50 rygg, 4x50 medley og 40x50 fri stafett.
  • 2014: «Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver» for 2013 under Idrettsgallaen 2014
  • 2013: «Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver» for 2012 under Idrettsgallaen 2013
  • 2013: Nominert til «Årets navn» for 2012 under Idrettsgallaen 2013
  • 2012: Aftenpostens gullmedalje for årets idrettsprestasjon av norsk utøver
  • 2012: Paralympiske sommerleker 2012: Gull på 200 meter fri og 50 meter butterfly, sølv på 200 meter medley og 100 meter bryst.
  • 2012: «Årets funksjonshemmede utøver» under Idrettsgallaen 2012
  • 2012: Nominert til «Årets navn» under Idrettsgallaen 2012
  • 2011: «Årets funksjonshemmede utøver» under Idrettsgallaen 2011
  • 2011: EM i svømming for funksjonshemmede: Gull på 200 medley (3:16,00),[23] og gull på 100 m bryst (1.48.42).[24]
  • 2010: VM i svømming for funksjonshemmede: Gull på 50 meter butterfly (43,22).[25]
  • 2016: Kåra til «Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver i 2015» på Idrettsgallaen 2016[26]
Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide henne.
  1. Newsbeezer.com - Hun var midt i noen tøffe utfordringer. Så kom koronapandemien, besøkt 23. august 2021.
  2. Right To Play - Sarah Louise Rung, besøkt 23. august 2021.
  3. BA.no - Svømmestjernen flytter til Bergen for å få best oppladning til OL, besøkt 23. august 2021.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 IPC - Sarah Louise Rung, besøkt 23. august 2021.
  5. Mette Bugge (22. juni 2011). «Det skulle bare være en enkel operasjon». Aftenposten. 
  6. NRK.no - – Hvis hun skal ha en gullmedalje, så må det skje 1. september, besøkt 23. august 2021.
  7. IPC Swimming - Swimming European Championships - Women's 100m Freestyle - S6, besøkt 23. august 2021.
  8. IPC Swimming - Swimming European Championships - Women's 400m Freestyle - S6, besøkt 23. august 2021.
  9. IPC Swimming - Swimming European Championships - Women's 50m Freestyle - S6
  10. Olympiatoppen.no - Gode resultater i EM i svømming for funksjonshemmede, besøkt 23. august 2021.
  11. Dagsavisen.no - Vant VM-gull med verdensrekord, besøkt 23. august 2021.
  12. Aftenbladet.no - Sjette verdensrekord for Rung, besøkt 23. august 2021.
  13. 13,0 13,1 IPC - Berlin 2011, besøkt 23. august 2021.
  14. Bjørn Nibe (7. juli 2012). «Ny verdensrekord av Sarah Louise Rung». [daud lenkje]
  15. Ingrid Haslev Anmarkrud (24. mars 2012). «Tre rekorder på tredje dag av NM!». Norges svømmeforbund. 
  16. Ingrid Haslev Anmarkrud (23. mars 2012). «To verdensrekorder på andre dag av NM!». Norges svømmeforbund. 
  17. «Rung parkerte konkurrentene og svømte inn til gull». NRK.no. 1. september 2012. 
  18. «Rung fossa inn til sitt andre gull». NRK.no. 7. september 2012. 
  19. «Sarah svømte inn til sølvmedalje». NRK. Henta 9. september 2012. 
  20. «Sølv til Sarah Louise Rung». NRK. Henta 1. september 2012. 
  21. VG.no - Anken førte ikke frem: Derfor ryker gullene i Tokyo, besøkt 23. august 2021.
  22. TV2.no - Hun sto midt i noen tøffe utfordringer. Så kom koronapandemien, besøkt 23. august 2021.
  23. Kristin Homb (6. juli 2011). «Nytt EM-gull til Sarah Louise». Norges svømmeforbund. 
  24. Kristin Homb (7. juli 2011). «Nytt EM-gull og ny verdensrekord til Sarah Louise». Norges svømmeforbund. 
  25. Tor Arne Volden (17. august 2010). «Gull til Sarah Louise Rung». Norges svømmeforbund. 
  26. «Northug ble folkets helt på Idrettsgallen». Henta 9. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]