Sandnes prosti
Utsjånad
Sandnes prosti er eit tenestedistrikt i Stavanger bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Sandnes.
Prostiet vart oppretta i 1998 av sokna i Sandnes og Sola kommunar som vart utskilde frå Jæren prosti. I 2006 vart Sola overflytta til Tungenes prosti, og frå då av er Sandnes prosti geografisk identisk med Sandnes kommune:
- Sandnes sokn
- Bymenigheten Sandnes (oppretta i 2006 som den første valkyrkjelyden i Den norske kyrkja)
- Bogafjell sokn (utskild i 2006 frå Høyland)
- Forsand sokn
- Gand sokn
- Hana sokn
- Høle sokn
- Høyland sokn
- Lura sokn