Hopp til innhald

Salomé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salomé

Fødd21. juni 1939 (85 år)
FødestadBarcelona
FødenamnMaría Rosa Marco Poquet
AliasSalomé
OpphavSpania
Aktiv1960–2005
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Maria Rosa Marco (fødd 21. juni 1943 i Barcelona), betre kjend som Salomé, er ein spansk songar og programleiar. Salomé kom på delt fyrsteplass i Eurovision Song Contest 1969 saman med Nederland, Storbritannia og Frankrike med songen «Vivo cantando». Vinnarsongen vart gjeven ut på sju ulike språk: spansk, katalansk, baskisk, fransk, tysk, italiensk, engelsk og serbokroatisk.

Salomé byrja karrieren ved Barcelona Radio og heldt fram som musikar og programleiar på TV. Fram til 1963 spelte ho inn og gav ut meir enn 40 songar på plateselskapa Iberofón og Zafiro. I 1962 deltok ho òg på Middelhavsfestivalen.

Seinare har Salomé gjeve ut ei rekkje songar som har vorte utgjevne av blant anna Iberfón og Belter. Ho har gjeve ut mange velkjende songar på spansk og katalansk, blant anna «Quinientas millas», «L'arbre», «Bésame much», «Com el vent», «L'emigrant», «Puedo morir mañana», «Isla del amor» og «O Esperaré».