Sæleprisingsberget
Sæleprisingsberget | |||
fjell | |||
Saligprisingsberget, sett frå Capernaum
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nordlege | ||
Del av | Riftdalen | ||
Koordinatar | 32°52′56.04″N 35°33′18.61″E / 32.8822333°N 35.5551694°E | ||
Sæleprisingsberget 32°52′51″N 35°33′21″E / 32.88078333°N 35.55581944°E | |||
Kart som viser Sæleprisingsberget.
| |||
Wikimedia Commons: Mount of Beatitudes |
Saligprisingsberget (hebraisk Har HaSimcha) syner til ein ås nord i Israel der ein trur Jesus heldt Bergpreika si.
Den tradisjonelle plasseringa til Saligprisingsberget er på nordvestsida av Genesaretsjøen, mellom Capernaum og Genesaret (Ginosar). Den faktiske plasseringa av Bergpreika er ikkje sikker, men den noverande staden (òg kalla Eremosfjellet) har vore rekna som staden i meir enn 1600 år. Staden ligg nær Tabgha. Andre føreslåtte stader i nærleiken er Har Arbel og Karnei Hittin.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det vart reist ei bysantinsk kyrkje nær staden på 300-talet og ho var i bruk til 600-talet. Restane av ei cisterne og eit kloster finst òg. Det noverande romersk-katolske fransiskanske kapellet vart bygd i 1938.
Pave Johannes Paul II feira ei messe på staden i mars 2000.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mount of Beatitudes» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Macmillan Bible Atlas, ISBN 0-02-500605-3
- Oxford Archaeological Guide: The Holy Land (paperback, fourth edition (1998)), pg 279. ISBN 0-19-288013-6