Hopp til innhald

Rutil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutil

Vinraude rutilkrystallar frå Binndalen i Sveits (Storleik: 2.0 x 1.6 x 0.8 cm)
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelTiO2
Strunz-klassifisering04.DB.05
KrystallsymmetriTetragonal ditetragonal dipyramidal
H-M-symbol: (4/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 4/mnm
Einingscellea = 4.5937 Å, c = 2.9587 Å; Z = 2
Identifikasjon
Fargeraudbrun, raud, bleik gul, lyseblå, fiolett, sjeldangrasgrøn; svart om høgt innhald av Nb–Ta
KrystallformNåleforma til prismatiske krystallar, langstrekte og stripete parallell til [001]
KrystallsystemTetragonal ditetragonal dipyramidal
TvillingVanleg på {011}, eller {031}; som kontakttvillingar med to, seks, eller åtte individuelle, syklisk, polysyntetisk
Kløyv{110} god, 100 moderate, deling på {092} og {011}
BrotUjamn til delvis muslig
Mohs hardleiksskala6.0 - 6.5
GlansDiamantaktig til submetallisk
StrekfargeLyseraud til mørkeraud
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment
Spesifikk vekt4.23 aukande med innhald av Nb–Ta
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 2.613 nε = 2.909 (589nm)
Dobbeltbryting0.296 (589nm)
PleokroismeSvak til tydeleg brunraud-grøn-gul
Dispersjon (spreiing)kraftig
SmeltbarheitSmeltbar i alkalikarbonat
OppløyselegheitUoppløyseleg i syrer
Kjelder[1][2][3][4]

Rutil er eit mineral som består av titandioksid, TiO2. Det inneheld vanlegvis nokre prosent jarn og har då oftast ein raud eller brun farge. Reint titandioksid er kvitt.

Rutilnåler finst ofte inneslutta i kvarts (rutilkvarts, blåkvarts, rosenkvarts). To andre og sjeldnare mineral har same samansetjing, men ulik struktur: anatas og brookitt. Dette vert kalla polymorfi.

Rutil er særs utbreidd i magmatiske og metamorfe bergartar og kan dessutan finst anrika i sandavleiringar. Ein finn større mengder av mineralet fleire stadar på gabbroar i Sør-Noreg, og fleire stadar har det vore drift på mineralet, bl.a. i Kragerø.

Rutil vert nytta til å framstille porselensfargar, titanmetall og diverse titansambindingar. Klåre rutilkrystall blir framstilt kunstig og blir nytta som smykkestein med handelsnamnet titania.

Rutil blir brukt til å framstille rein titandioksid, TiO2, som er eit kvitt pulver. Det blir brukt som kvitt fargepigment i bl.a. maling og iskrem, og framstilling av elektrodar til sveiseapparat.[5] Titandioksid har E-nummer E171.[6]

Rutil blir også framstilt frå ilmenitt, FeTiO3, som blir utvunne ved Titania i Sokndal i Rogaland. Ilmenitten blir smelta til rutil og jern ved ilmenittverket i Tyssedal og foredla til rutilpulver ved Kronos Titan i Fredrikstad.

Den største kjente rutilførekomsten i Noreg finst i Engebøfjellet i Førdefjorden. Denne inneheld minst 380 millionar tonn malm eller 15 millionar tonn rein rutil.[7]

Nordic Mining har søkt om løyve til å utvinne denne. Prosjektet er sterkt omstridd, særleg fordi det innebærer å deponere store mengder avgang i Førdefjorden. Regjeringa har våren 2015 godkjent reguleringsplan og gitt utsleppsløyve, men det manglar framleis løyve til uttak av vatn og driftskonsesjon.

  1. Handbook of Mineralogi
  2. Webmineral data
  3. Mindat.org
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, p. 304-305, ISBN 0-471-80580-7
  5. Arctech. Rutile Electrodes Arkivert 2008-12-21 ved Wayback Machine.; Nordic Mining. Engebøfjellet – Europas nye titanressurs[daud lenkje] (PDF)
  6. Department of Food Biosciences, University of Reading, UK. E Number List
  7. Sogn og Fjordane fylkeskommune. Naustdal – Reguleringsplan med konsekvensutgreiing for uttak av rutil i Engebøfjellet
  • Raade, Gunnar. «Rutil» (11. mars 2012), Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Rutil