Ronald
Utsjånad
Ronald er eit skotsk mannsnamn avleidd frå norrønt. Det har norsk namnedag den 9. august.
Namnet svarer til Ragnvald, opphavleg Ragnvaldr, som er sett saman av norrønt regin, 'råd' og valdr, 'herskar'. Det blei vanleg i Skottland gjennom skandinavisk innvandring. Namnet spreidde seg i den engelsktalande verda på 1900-talet. I 1990 var det det 21. mest brukte i USA, med opp mot 1,1 million (0,73 % ) brukarar.
Kortformer som Ron og Ronny er også vanlege. Reginald, Reynold og Ronaldo er andre former av namnet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Sir Ronald Ross (1857–1932), britisk lege og nobelprisvinnar
- Ronald Firbank (1886–1926), britisk forfattar
- Ronald Arbuthnott Knox (1888–1957), britisk geistleg og forfattar
- Ronald August Fangen (1895–1946), norsk forfattar og kritikar
- Ronald G. W. Norrish (1897–1978), britisk kjemikar og nobelprisvinnar
- Ronald Syme (1903–1989), britisk klassisk filolog og historikar
- Ronald Alison Kells Mason (1905–1971), newzealandsk forfattar
- Ronald Coase (f. 1910), britisk økonom
- Ronald Reagan (1911–2004), amerikansk skodespelar, politikar og president i USA
- Ronald Stuart Thomas (1913–2000), walisisk prest og diktar
- Ronald Searle (f. 1920), engelsk serieteiknar
- Ronald David Laing (1927–1989), britisk psykiater og psykolog
- Ronald Golias (1929-2005), brasiliansk skodespelar
- Ronald Dworkin (f. 1931), amerikansk filosof
- Ronald Venetiaan (f. 1936), surinamsk politikar og president
- Ronald Bye (f. 1937), norsk politikar
- Ronald Shannon Jackson (f. 1940), amerikansk jazzmusikar
- Ronald W. Langacker (f. 1942), amerikansk lingvist
- Ronald Belford «Bon» Scott (1946-1980), australsk vokalist i AC/DC
- Ronald David Wood (f. 1947), engelsk rockemusikar frå The Rolling Stones
- Ronald Koeman (f. 1963), nederlandsk fotballspelar og manager
- Ronaldo Luiz Nazário de Lima (f. 1976), brasiliansk fotballspelar kjend som Ronaldo
- Ronaldo de Assis Moreira (f. 1980), brasiliansk fotballspelar kjend som Ronaldinho
- Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro (f. 1985), portugisisk fotballspelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Ronald McDonald, maskot for burgarkjeda McDonald’s
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- behindthename.com
- Denne artikkelen bygger på «Ronald» frå Wikipedia på bokmål, den 8. august 2009.