Rochemelon
Rochemelon | |||
fjell | |||
Sett frå Rocca Sella i Italia.
| |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | ||
Høgd | 3 538 moh. | ||
Primærfaktor | 283 m | ||
Førstestiging | 1358 - Bonifacius Rotarius | ||
Koordinatar | 45°30′N 7°10′E / 45.500°N 7.167°E | ||
Rochemelon 45°12′13″N 7°04′37″E / 45.2036°N 7.0769°E | |||
Wikimedia Commons: Rocciamelone |
Rochemelon (eller Roche Melon), Rocciamelone på italiensk, er eit fjell i Dei graiiske Alpane på grensa mellom Frankrike og Italia med ei høgd på 3 538 meter. Fjellet ligg 50 km vest for Torino. Rochemelon er det første fjellet i Alpane ein veit som nokon nådde toppen av.
Bonifacius Rotarius (frå Asti) klatra til toppen av fjellet 1. september 1358 for å setje frå set eit lite metallbilete av Jomfru Maria, som takksemd for at han hadde overlevd fangenskap i Det heilage landet under Korstoga.
Toppen av Rochemelon er målet for ein tradisjonell pilegrimstur kvart år den 5. august. Ein tre meter høg statue av Jomfru Maria vart reist her i 1899.
Landegrensa mellom dei to landa følgjer i dette området ikkje nøyaktig vasskiljet, og fjelltoppen ligg heilt på den italienske sida, og det same gjer toppen av isbreen glacier de Rochemelon. Dette arealet er om lag 4 km² og utgjer det einaste italienske området som er ein del av nedslagsfeltet til Rhône.
Sidan det er lett å nå fjellet (starten av stien opp til toppen er berre ein 90 minutts køyretur frå Torino) og har ei stor høgd med flott utsyn, er fjellet eit av dei mest vitja i Alpane.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Rocciamelone
-
Sett frå Colle delle Finestre
-
Statuen av Jomfru Maria