Ringve botaniske hage
Utsjånad
Ringve botaniske hage er ein botanisk hage etablert i 1973. Hagen ligg ved Ringve Museum og ligg rundt gardshusa på Ringve. Anlegget består i dag av vel 130 dekar, og ligg på Ladehalvøya i Trondheim.
Hagen vart oppretta som universitetshage i 1973 og vert driven av NTNU Vitenskapsmuseet. Plantinga til eit eige arboret vart starta i 1975.
Hagen har følgande delar:
- Arboretet
- Gamlehagen med ei samling tradisjonelle hageplantar frå Midt-Noreg
- Parken - den gamle gardshagen på Ringve
- Primulahagen
- Renesansehagen - urtehage
- Den systematiske hagen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ringve botaniske hage» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2012.
- Arne Røsvik: Ringve botaniske hage i Planter i Trondheim gjennom tusen år. Red. Eli Fremstad, Tapir 1999, ISBN 82-519-1550-3