Ringfjell
Utsjånad
Ringfjell er ringforma fjelldanningar, først observert på månen, men seinare påvist òg på planetane Merkur, Venus og Mars og på ein rekkje av månane til planetane.
Ringfjella er stort sett danna som nedslagskrater. På grunn av mangelen på vatn, atmosfære og tektonikkplater er det lite erosjon på månen og somme av planetane, og kratera kan vere over to milliardar år gamle.
Ei vollslette er eit vanleg omgrep for store ringfjell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ringfjell», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014
- «Vollslette», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 13. august 2014