Rimma Kurutsj
Rimma Kurutsj | |||
Fødd | Ри́мма Дми́триевна Ку́руч 6. mai 1938 i Balovo i Nizjegorod oblast | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juli 2019 (81 år) | ||
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland | ||
Yrke | politikar, forskar | ||
Institusjonar | Murmansk Arctic State University Det tekniske statsuniversitetet i Murmansk | ||
Utdanna ved | Alecu Russo State University of Bălți |
Rimma Dmitrievna Kurutsj (6. mai 1938–8. juli 2019) var ein russisk forskar og politikar frå Murmansk med moldavisk bakgrunn. Utanfor Russland er ho mest kjend som språkforskar med arbeida sine om andrespråkslæring og leksikografi for kildinsamisk.
Utdanning og framgang som språkforskar
[endre | endre wikiteksten]Rimma Kurutsj tok diplomeksamen i 1961 (russisk diploma) frå det filologiske fakultetet ved det Statlege Universitetet (dåverande pedagogisk høgskule) i Beltsy i Moldova (dåverande Moldovisk SSR). Fram til 1964 arbeidde ho som lærar for russisk i bygdeskuler i Moldova. Doktorgraden (russisk kandidat pedagogitsjeskih nauk) i pedagogikk fekk ho 1967 frå Instituttet for den nasjonale skulen ved det pedagogiske vitskapsakademiet i Sovjetunionen. Frå 1968 til 1975 arbeidde ho ved Det statlege universitetet i Tsjernovtsy i Ukraina/dåverande Ukrainske SSR.
I 1975 flytte Kurutsj til Murmansk og leidde avdelinga for russisk ved Det statlege humanistiske universitetet (dåverande pedagogisk høgskule) til 1977.[1]
Samisk forsking
[endre | endre wikiteksten]Opphaveleg spesialisert i andrespråkslæring av russisk byrja Kurutsj å interessere seg for revitaliseringa av kildinsamisk,[2] det største blant dei samiske urfolksspråka på Kolahalvøya. 1976 blei Kurutsj leiar av ei ny arbeidsgruppe for samisk språkforsking, etablert som ei avdeling innom utdanningsseksjonen ved kommunistpartiets Sentralkomitéen i Murmanskområdet. Hennar første medarbeidarar var dei to samiske lærarane Aleksandra Antonova og Boris Gluhov.
I tida fram til 1990-talet var Kurutsj ein produktiv forskar både innom språkdidaktikk, ortografi, leksikografi og grammatikkografi og arbeidde med kildinsamisk språkplanlegging og etableringa av undervisinga for dette truga språket i Sovjetunionen. Under leiinga hennar og med støtte frå Det russiske vitskapsakademi utvikla arbeidsgruppa, som seinare hadde fleire andre samiske medarbeidarar, ein ny kildinsamisk ortografi og læremiddel. I tillegg til omfattande kursmateriale for språkundervisning til samiske born og didaktisk handleiing laga arbeidsgruppa også den store kildinsamisk-russiske ordboka («Den raude ordboka») frå 1985. Ordboka omfattar ein normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamisk som vart skrive av Kurutsj. I tillegg har ho også publisert andre lingvistiske arbeid, m.a. om kildinsamisk fonologi og morfologi.
Aktivist og politikar
[endre | endre wikiteksten]Med den aktive innsatsen sin for revitaliseringsarbeid var Kurutsj blant dei første språkaktivistane innanfor det kolasamiske samfunnet, trass at ho ikkje er same sjølv. Men ho fekk også sterk kritikk av samar som vart usamd om den ortografiske norma som blei utvikla av gruppa hennar i Murmansk.[3]
Kurutsj hadde tilmed ein kort karriere som samepolitikar, då ho (i lag med N.E. Afanasjeva) blei vald til med-visepresident i Kolasamelaget då det vart stifta i 1989. Men berre eitt år seinare forlét ho organisasjonen att, fordi berre etniske samar kunne vere fullverdige medlemmar.[4]
I seinare år dreiv Kurutsj ikkje med samisk språkarbeid eller politikk, men var aktiv i organisasjonar i storsamfunnet. Ho var medlem i det russiske Pensjonistpartiet (russisk Rossijskaja partija pensionerov), der ho til og med blei leiar for den lokale avdelinga i Murmansk. Seinare leidde ho den offentlege organisasjonen «Pensjonistar i Murmansk» (russisk Общественной организации "Пенсионеры Мурмана") og arbeidde som leiar for Murmanskavdelinga av den offentlege organisasjonen «Den store fedrelandskrigens barn» (russisk Дети Великой Отечественной войны).
Viktige vitskaplege arbeid
[endre | endre wikiteksten]- Om russisk
- 1974 Metodika prepodavanija russkogo jazyka v moldavskoj shkole. Tsjernovtsy
- Om kildinsamisk
- 1977 "Saamen kieli Neuvostoliitossa", i: Lapin Kansa 28-08-1977
- 1981 "O kategorii tsjisla sushtsjestvitel'nych v kil'dinskom dialekte saamskogo jazyka", i: Sovetskoje finno-ugrovedenie 17:4. 266–272.
- 1983 "Accoustic measurements of some quantity patterns in Kildin Lapp", i: Sovetskoe finno-ugrovedenie 19:1. 16–23 [i lag med Arvo Eek]
- 1985 "Kratkij grammatitsjeskij otsjerk saamskogo jazyka", i: Saamsko-russkij slovarʼ. Moskva. 529-567.
- 1985 Saamsko-russkij slovarʼ. Moskva [i lag med N.E. Afanasjeva, A.A. Antonova, B.A. Gluhov, L.D. Jakovlev og E.I. Metsjkina]
- 1988 Saamʼ kīll: razrabotki po saamskomu jazyku dlja natsjalʼnoj shkoly. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og R.I. Jakovleva]
- 1990 Didaktitsjeskij razdatotsjnyj material dlja utsjashtsjihsja I klassa. Murmansk
- 1990 Didaktitsjeskij razdatotsjnyj material k urokam saamskogo jazyka v I klasse. Murmansk
- 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku: primernyje pourotsjnyje razrabotki k utsjebniku saamskogo jazyka dlja I-go klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
- 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku: primernyje pourotsjnyje razrabotki k utsjebniku saamskogo jazyka dlja 2-ogo klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
- 1990 Metoditsjeskoje rukovodstvo po obutsjeniju saamskomu jazyku v natsjal’noj shkole. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og R.I. Jakovleva]
- 1990 Programma po saamskomu jazyku dlja 1–2 klassov saamskoj natsional’noj shkoly. Murmansk
- 1990 Saamskij jazyk v kartinah: utsjebnik po razvitiju retsji v 1-om klasse saamskoj shkoly. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, A.G. Hvorostuhina, R.I. Jakovleva, S.S. Lelikova og E.I. Metsjkina]
- 1990 Sam’ kill: utsjebnik saamskogo jazyka dlja 2-go klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, A.G. Hvorostuhina, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
- 1991 Didaktitsjeskij material k utsjebniku saamskogo jazyka dlja vtorogo klassa saamskoj shkoly. Murmansk
- 1991 Metoditsjeskije rekomendatsii k zanjatijam po saamskomu jazyku v 3-em klasse c programmoy i tematitsjeskim planirovanijem. Murmansk
- 1991 Pudz’jench: kniga dlja dopolnitel’nogo tsjtenija v saamskoj natsional’noj shkole. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva, E.I. Metsjkina og I.V. Vinogradova]
- 1991 Saamʼ alfavit: razreznaja azbuka: didaktitsjeskij razdatotsjnyj material k utsjebniku saamskogo jazyka dlja 2-go klassa. Murmansk
- 1991 Sam’ kill: utsjebnik saamskogo jazyka dlja 3-ogo klassa. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
- 1991 Soagknehk’: saamsko-russkij i russko-saamskij slovar’ dlja natsjal’noj shkoly. Murmansk [i lag med R.I. Jakovleva og I.V. Vinogradova]
- 1995 Pravila orfografii i punktuacii saamskogo jazyka. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva og I.V. Vinogradova]
- 2009 Severnoe sijanie: saamskij jazyk v kartinkah. 2-e utg. Murmansk [i lag med N.E. Afanasjeva, R.I. Jakovleva og E.I. Metsjkina]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «MGGU Murmansk». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. januar 2013.
- ↑ Intervju i «Эксперт Северо-Запад». 9. juni 2003. Arkivert frå originalen 12. mars 2020. Henta 20. januar 2013.
- ↑ Øverland og Berg 2012:65–68
- ↑ Øverland og Berg 2012:94–95
- Bibliografi
- Indre Øverland og Mikkel Berg-Nordlie. 2012. Bridging the Divides: Ethno-Political Leadership among the Russian Sámi. Oxford: Berghahn Books.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Leif Rantala. 2005. "Saami studies: Russia/USSR." I: The Saami: a cultural encyclopaedia, red av Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari og Risto Pulkkinen. Helsinki: SKS. 363–365. Elektronisk versjon[daud lenkje]
- Indre Øverland og Mikkel Berg-Nordlie. 2012. Bridging the Divides: Ethno-Political Leadership among the Russian Sámi. Oxford: Berghahn Books.
- Rimma Dmitrievna Kurutsj: i Inkubator Wikimedia på kildinsamisk
- Rimma Dmitrievna Kurutsj Leksikon "Kolski Sever" på russisk (2014-05-07)
- Куруч Римма Дмитриевна Nekrolog av Tina Sovkina på sajt "Kola Sápmi Новости кольских саами" (2019-07-11)
- Rimma Kuruch and Kildin Saami language planning Nekrolog av Michael Rießler i Linguistica Uralica 56:3 (2020)