Rekkemotor
Rekkjemotor er ein stempelmotor med lineær stempelrørsle, der sylindrane er plasser etter kvarandre i ei rekkje. Dette er den vanlegaste byggemåten. Når talet på sylindrar er stort vert motorane lange og rekkjemotor nytta i køyretøy har sjeldan meir enn seks sylindrar. Ombord i skip er det god plass i maskinrommet og skipsmotorar kan ha opp til 14 sylindrar i rekkje, men det tykkjest som Wärtsilä er den einaste produsenten som har nytta 14 sylindrar. Køyretøymotorar med meir enn seks sylindrar er vanlegvis V-motorar, som er meir kompakte.
Di fleire sylindrar det er di jamnare vert dreiemomentet, men samstundes aukar friksjonen og effekttapet. Produsentane ynskjer difor å avgrensa sylindertalet og freistar i staden å ta ut så stor effekt som mogeleg frå kvar einskild sylinder.