Hopp til innhald

Rankweil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valfartskyrkja i Rankweil

Rankweil er ein by og ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 21,9 km² med om lag 11 700 ibuarar i 2015. Byen Rankweil ligg 468 meter over havet. Rundt 70% av Rankweil ligg på ei elveslette, resten i eit kupert bakkeland mot aust.

Staden er særleg kjend for valfartskyrkja Liebfrauenkirche, som ligg oppe på ein bergknaus.