Hopp til innhald

Rådmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rådmann var i Noreg tidligare nemninga på den øvste leiaren for ein fylkeskommunal eller kommunal administrasjon. Kommuneloven endra i 1990 tittelen frå rådmann til administrasjonssjef, men dette fekk berre måteleg praktisk gjennomslag i kommunesektoren. Den siste endringa i kommuneloven (2018) tok i bruk tittelen kommunedirektør. Denne siste nemninga har breidd om seg i norske kommunar og fylkeskommunar.[1]

Rådmannen, eller kommunedirektøren, pliktar å sette i verk vedtak i kommunen sine politiske organ og å sørgje for at alle saker er greidde ut før dei blir lagt fram til politisk handsaming. Rådmannen sine funksjonar er mellom anna definert i paragrafane 13 og 25 i kommuneloven.