Quartu Sant'Elena
Quartu Sant'Elena | |||
by | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sardinia | ||
Provins | Storbyområdet Cagliari | ||
Areal | 96,41 km² | ||
Folketal | 68 585 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 09045, 09046 | ||
Retningsnummer | 070 | ||
Quartu Sant'Elena 39°14′29″N 9°11′02″E / 39.24135°N 9.18392°E | |||
Wikimedia Commons: Quartu Sant'Elena |
Quartu Sant'Elena (sardisk Cuartu Santa Alèni) er ein by i storbyområdet Cagliari på Sardinia i Italia. Han har om lag 70 000 innbyggjarar og er den tredje største byen på øya.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet på byen kjem frå avstanden til Cagliari (Quartum miles, latin for «fire mil») og at St. Helena, mor til keisar Konstantin, reiste gjennom byen.
Dei første spora etter mennske i Quartu er frå den fønikiske perioden. På 300-talet vart Sardinia delt i fire Giudicati: Quartu, som hadde fjorten villaer, høyrte til Giudicato av Cagliari. I 1066 vart Quartu gjeve til erkebiskopen i Cagliari og så vidare til dommar Torgotorio II av Cagliari. Under Aragon sitt styre vart Quartu råka av svolt, pest, malaria og stadige åtak frå sarasenske sjørøvarar og var ein del av dei generelle nedgangstidene for heile Sardinia.
I 1793 gjekk franske soldatar i land ved kysten av Quartu, for å erobre heile øya. Folket i byen, leia av Antonio Pisanu, gjekk til åtak på franskmennene og slo dei tilbake i eit blodig slag.
Føydalismen enda i 1836 under baron Pes di Villamarina. I 1956 fekk Quartu Sant’Elena bystatus av president Giovanni Gronchi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Quartu Sant'Elena» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2008.