Pryluky
Pryluky | |||
Прилуки | |||
by | |||
Ei kyrkje i Pryluky
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Tsjernihiv oblast | ||
Rajon | Pryluky rajon | ||
Koordinatar | 50°36′N 32°24′E / 50.600°N 32.400°E | ||
Areal | 42 km² | ||
Folketal | 58 890 (2011) | ||
Folketettleik | 1 402 / km² | ||
Først nemnd i | 1085 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 17500 - 17511 | ||
Pryluky 50°36′N 32°24′E / 50.6°N 32.4°E | |||
Kart som viser Pryluky.
| |||
Wikimedia Commons: Pryluky |
Pryluky (ukrainsk Прилуки) er ein by ved elva Udaj i Tsjernihiv oblast, nord i det sentrale Ukraina. Han er det administrative senteret i Pryluky rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. I nærleiken ligg Pryluky flybase, ein viktig base under den kalde krigen og i dag den største flyplassen i Ukraina. Byen har kring 60 000 innbyggjarar (2011).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologiske funn har synt at det har budd folk her i fire tusen år. Pryluky vart først nemnd i 1085 av fyrst Volodymyr Monomakh. Det låg då ei festning her. Byen vart ofte plyndra av austlege nomadiske folk og vart eit senter for dei øydeleggande krigane mellom dei rutenske fyrstane. I 1239 vart Pryluky øydelagd av mongolane. I 1362 vart byen erobra av Litauen.
Etter Lublinunionen i 1569 kom byen under polsk styre, og mange av innbyggjarane rømde til andre stader lenger aust. På 1600-talet tok kosakkane del i Khmelnytskyjopprøret. Byen hadde lenge ei viktig og mektig festning i nærleiken av grensa, men då grensa vart flytta lenger sør, vart byen mindre viktig.
Pryluky er på lista over dei eldste byane i Ukraina og i 1995 vart han erklært ein av dei historiske byane i landet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pryluky» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.