Pottermore
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Pottermore er ein nettstad utvikla av J.K. Rowling, TH_NK og Sony. Sida er basert på bokserien Harry Potter, som seinare har blitt filmatisert.
Sida tilbyr mange av Rowlings tankar, fleire sider med tekst som ikkje var inkludert i romanane, ein teneste som seljer e-bok- og lydbok-versjonar av dei sju Harry Potter-bøkene, samt over 18 000 ord ekstra innhald. Det ekstra innhaldet omfattar mange bakgrunnsdetaljer og innstillingar.
Registrering til den avgrensa betaversjonen byrja 31. juli 2011 (fødselsdagen til både Rowling og karakteren hennar Harry Potter) for dei fyrste ein million fans som fullførte "The Magical Quill"-utfordringa og registrerte seg. Det var eigentleg meininga at sida skulle opne for alle allereie i oktober 2011, men betaperioden blei forlenga. Pottermore opna for publikum 14. april 2012, og registrering er gratis. Til no er dei tre første og delar av den fjerde boka tilgjengeleg, Harry Potter og de vises stein (Harry Potter and the Philosopher`s Stone -PS-), Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets-CoS-), Harry Potter og Fangen fra Azkaban (Harry Potter and the Prisoner of Azkaban-PoA-) og Harry Potter og ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire-GoF-).
Funksjonar
[endre | endre wikiteksten]Brukarar er i stand til å delta i interaktive leseopplevinga eller "moments"(augeblikk) når brukaren utforskar scenene ("moments", "augeblikk") i historia. Brukarane kan bevege seg gjennom kapitela og "følgje" Harry si historie via bilete som er teikna av Utviklarar ("Developers") som jobbar med nettstaden. Dei aller fleste av scenene har fleire "lag" ("layers") som ein kan få tilgang til ved å dobbelklikke eller ved å bruke tastaturpilene. Kvart lag har skjulte gjennstandar som brukarane kan finne ved å bevege musa over bileta. i tillegg kan ein samle gjenstandar som eliksiringrediensar, bøker og galleonar (ei form for trollmannsvaluta), som ein kan tene huspoeng for når dei er sortert i huset sitt. (Merk: Huspoeng blir berre gitt til brukaren dersom dei blir samla opp etter at brukaren er blitt sortert i huset sitt.) Mellom anna er brukarane i stand til å besøke Diagonallmenningen, lære trylleformlar, duellere mot andre brukarar og lage eliksirar.
Eliksirar
[endre | endre wikiteksten]Det er mogleg å få tak i to eliksirbøker, Magical Drafts and Potions og Moste Potente Potions (Må samlast inn frå bok 2, kapittel 10, lag 1). Magical Drafts and Potions inneheld sju eliksirar; Sleeping Draught, Wideye or Awakening Potion, Herbicide, Forgetfulness Potion, Swelling Solution, Antidote to common poisons og Cure for Boils. Moste Potente Potions inneheld to eliksirar: Polyjuice Potion del 1 og Polyjuice Potion del 2. Alle eliksirar treng minst ein halv time på å koke ("brew"), og ein kan da trygt gjere andre ting medan eliksiren kokar. Det finnest tre ulike Kjelar ("Cauldrons") som blir brukte til å koke eliksirar: Tinnkjelen (Pewter Cauldron), Messingkjelen (Brass Cauldron) og Kobberkjelen (Copper Cauldron). Koketida for kvar eliksir varierer ettersom kva kjele som blir brukt. I tillegg til tida det tek å koke eliksiren, vil brukaren få halvparten av den tida som blei brukt på å komme tilbake for å fullføre eliksiren. Den raskaste kjelen er Kobbarkjelen, den tregaste er Tinnkjelen. Under er ei oversikt over dei forskjellige eliksirane, huspoenga som kvar eliksir gir og koketida til kvar eliksir.
- Sleeping Draught 11 poeng, Tinnkjele: 70 minutt+35 minutt, Messingkjele: 59 minutt+29,5 minutt, Kobberkjele: 52 minutt+26 minutt
- Wideye or Awakening Potion 9 poeng, Tinnkjele: 40 minutt+27,5 minutt, Messingkjele: 34 minutt+23 minutt, Kobberkjele: 30 minutt+20,5 minutt
- Herbicide 9 poeng, Tinnkjele: 60 minutt+30 minutt, Messingkjele: 51 minutt+25,5 minutt, Kobberkjele: 45 minutt+22,5 minutt
- Forgetfulness Potion 9 poeng, Tinnkjele: 60 minutt+30 minutt, Messingkjele: 51 minutt+25,5 minutt, Kobberkjele: 45 minutt+22,5 minutt
- Swelling Solution 7 poeng, Tinnkjele: 60 minutt+30 minutt, Messingkjele: 51 minutt+25,5 minutt, Kobberkjele: 45 minutt+22,5 minutt
- Antidote to Common Poisons 7 poeng, Tinnkjele: 40 minutt+20 minutt, Messingkjele: 34 minutt+17 minutt, Kobberkjele: 30 minutt+15 minutt
- Cure for Boils 3 poeng, Tinnkjele: 45 minutt+22,5 minutt, Messingkjele: 38 minutt+19 minutt, Kobberkjele: 33 minutt+16,5 minutt
- Polyjuice Potion (Part 1)--------0 poeng, Tinnkjele: 80 minutt+20 minutt, Messingkjele: 68 minutt+17 minutt, Kobberkjele: 60 minutt+15 minutt
- Polyjuice Potion (Part 2)--------0 poeng, Tinnkjele: 40 minutt+20 minutt, Messingkjele: 34 minutt+17 minutt, Kobberkjele: 30 minutt+15 minutt
Trylleformlar og Duellering
[endre | endre wikiteksten]Det er for augeblikket mogleg å kjøpe og finne ti ulike trylleformlar som kan bli nytta til duellering med andre "medelevar". Trylleformlane blir kjøpt/funne i form av fire trylleformelbøker som alle inneheld 7 trylleformlar: The Standard Book of Spells (Grade 1) den einaste fromelen som kan bli brukt til å duellere med er ildformelen (Fire-Making Spell). The Standard Book of Spells (Grade 2) inneheld ingen formlar som kan bli brukt til å duellere med. The Dark Forces: a Guide to Self-Protection inneheld to trylleformlar som kan bli brukt til duellering: Snørrforbannelsen (Curse of Bogies) og Slå-Tilbake Formelen (Knockback Jinx). Curses and Counter-Curses inneheld sju trylleformlar som kan bli brukt til duellering: Fullt Kroppsbind (Full Body-Bind), Gelé-Bein Forbannelsen (Jelly-Legs Curse), Bein-Lås Forbannelsen (Leg-Locker Curse), Kviseformelen (Pimple Jinx), Stickfast Hex, Kileformelen (Tickling Hex) og Tunge-Lås Formelen (Tongue-Tying Spell). For Augeblikket er Fullt Kroppsbind (Full Body-Bind) den sterkaste trylleformelen, og aktive brukarar oppmodar sterkt om å duellere berre med denne formelen. Det er mogleg at Pottermore gir ut fleire brukbare trylleformlar ettersom fleire bøker blir gitt ut.
(Opplista etter stigande maksimal poengsum)
- Full Body-Bind (Fullt Kroppsbind)145
- Tongue-Tying Spell (Tunge-lås formelen) 140
- Jelly-Legs Curse (gelé-bein forbannelsen) 135
- Tickling Hex (Kileformelen) 130
- Fire-Making Spell (ildformelen) 125
- Leg-Locker Curse (Bein-lås forbannelsen) 120
- Stickfast Hex 115
- Knockback Jinx (Slå-Tilbake formelen) 110
- Curse of Bogies (Snørrforbannelsen) 105
- Pimple Jinx (Kviseformelen) 100
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Nettstaden har trekt til seg Harry Potter-fans i alle aldrar. Fans av serien responderte godt på den totale opplevinga og kvaliteten på nettstaden, vurderer nettstaden som ein "magisk portal", er forbløffa over detaljrikdommen og begeistra over bileta som "kjem til liv" framfor auga deira. Entertainment Weekly gav si godkjenning av sida og roste at nettstaden ikkje berre var eit marknadsføringsknep for å selje e-bøker og lydbøker, men ein nettstad som "I det minste lar deg oppleve noko av moroa med å leve i Harry Potters verd." Likevel har nettstaden nyleg blitt kritisert grunna den langvarige betaperioden og tekniske vanskar. Pottermore-bloggen rapporterte at forseinkinga kom av ei plattformforandring som var "usynleg" for brukarane, som var meint å løysa kapasitetsproblem før sida opnar for eit mykje større publikum.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Theleakycouldron.com Arkivert 2008-06-03 ved Wayback Machine.
- http://www.gryffinroar.com/magical-drafts-and-potions.html
- http://www.gryffinroar.com/antidote-to-common-poisons.html
- http://www.gryffinroar.com/cure-for-boils.html
- http://www.gryffinroar.com/forgetfulness-potion.html
- http://www.gryffinroar.com/herbicide.html
- http://www.gryffinroar.com/sleeping-draught.html
- http://www.gryffinroar.com/swelling-solution.html
- http://www.gryffinroar.com/wideye-potion.html
- http://www.gryffinroar.com/polyjuice-potion.html
- Denne artikkelen bygger på «Pottermore» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2012.